MENY

Å vera nært knytt til teksten

Læraren på 8. trinn ønska at elevane skulle fokusera på tolkning i møtet med kortteksten "Veslebror og Karlson".

Les denne artikkelen som pdf.

Å lesa skjønnlitteratur handlar om å tolka. Desse tolkingane er utgangspunktet for ei stadig veksling mellom heilskapen og delane som teksten består av. Dei tolkingane ein gjer må difor botna i sjølve teksten og vera tett kopla til han. Det var nett det læraren på 8. trinn ønska at elevane skulle fokusera på i møte med kortteksten «Veslebror og Karlson» skriven av Erna Osland og henta frå samlinga Nær nok (2004).

Teksten handlar om Veslebror, hans mentalt utviklingshemma storebror Karl og mor deira. Teksten fortel om Karl som kan vera uroleg og som treng å passast på. Brørne søv på same rom, og mora har bede Veslebror om å passa på Karl. Men ein dag skjer det fatale,  Karl opnar vindauge på soverrommet, balanserer på hustaket og fell ned og slår seg i hjel.

Arbeid med teksten
Arbeidet med novella starta med at læraren presenterte målet for arbeidet: «Eg fortalte først litt om at målet var å lesa skjønnlitteratur og samtala om innhald og å analysera tekst» slik at elevane skulle forstå kva dei skulle læra. Eit slikt mål for undervisninga er nært kopla til kompetansemålet i norsk på 10. trinn, «presentere egne tolkninger av personer, handling og tema i et variert utval av barne- og ungdomslitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse frå samisk». Deretter las læraren teksten høgt for klassen samstundes som elevane sat saman to og to og hadde ein kopi av teksten framfor seg.

Først ville læraren sikra at alle elevane hadde fått med seg handlinga i teksten. Difor skreiv ho følgjande spørsmål på tavla: Kven er med?, Kva skjer?, Kvifor skjer det? Korleis endar det? Elevane diskuterte desse spørsmåla to og to før dei hadde ein samla diskusjon i plenum. På den måten sikra læraren at alle elevane kom til ordet og at samtalen ikkje vart styrt av dei mest ivrige elevane.

Dernest ville læraren at elevane skulle skjøna at Karl var utviklingshemma sidan det ikkje står eksplisitt uttrykt i teksten. Ho bad difor elevane finna stader i teksten kor Karl vart skildra, ein metode som også vert kalla skygging (Lillevangstu, Tønnessen, Dahll-Larssøn (red.), 2007, s. 76). Elevane kom fram til at han lo mykje, at han lika å bli kalla røvar og at han lika månen og himmelen. Elevane merka seg at Karl var annleis på ein måte, og dei meinte at han måtte vera sjuk. Elevane såg også parallellen mellom rollefiguren Karlson på taket og Karl som likar å gå på taket, men dei greidde ikkje å seia at han var utviklingshemma .

Målet med litteraturlesinga var å analysera teksten, og læraren ville at elevane skulle trengja djupare inn i han. Ho stilte følgjande spørsmål: « Kven er ansvarlege for ulukka?» Først diskuterte elevane spørsmålet fritt, to og to. Sidan delte læraren ut eit kolonneskjema som skulle vera til hjelp for elevane. Skjemaet fokuserte på dei tre personane i teksten, mora, Veslebror og Karl og sette fokus på i kor stor grad dei var ansvarlege for ulukka og kor ein eventuelt kunne finna bevis for det i novella.  Kolonneskjemaet tvinga elevane til å vera tett kopla til teksten og til å diskutera det overordna spørsmålet «Kven er ansvarleg for ulukka?» i lys av detaljar i teksten. Elevane måtte lesa teksten fleire gonger og markerte i teksten der dei meinte å finna bevis for påstandane sine. Mange elevar valte å bruka ulike fargekodar på dei tre personane, mora, Veslebror og Karl.

Nedanfor visest ein faksimile av slik mange av skjemaa såg ut.

 

 

Mora

Veslebror

Karl

På kva måte er dei ansvarlege?

- legg alt ansvaret på Veslebror

- ho er mor

- stoppa ikkje Karlson

- han gjekk ut på taket

- har ein sjukdom

Bevis i teksten

 «vekk meg er du snill, om han blir uroleg»

 

«Og dessutan må jo du passe på Karl»

 

«reiser seg og seier at han må vere så snill å komme inn og varsku henne så snart Karl blir uroleg igjen»

«Eg skal passe på han, eg skal kome med ein gong, seier Veslebror…»

«Og derfor hører han ikkje dei farlege lydane og den lure latteren til Karl. Eller gjør han?»

«Karl er vakna, han vil opne vindauge, han vil ut på taket igjen!»

«Karl stige ut av vindauga…balansere bortover det spisse taket»

 

Dette arbeidet danna førebuinga til diskusjonen i samla klasse: « På kva måte er mora, Veslebror og Karlson ansvarleg for at ulukka skjer?». Eit kriterium på kvalitet i ein litterær samtale er nettopp at ein kan grunngi argumenta sine med utgangspunkt i teksten. Her måtte elevane gjera nett det. Nokre elevar meinte at det var tydelege bevis i teksten for at Veslebror var ansvarleg, dei meinte at  sitatet «Og derfor hører han ikkje dei farlege lydane og den lure latteren til Karl. Eller gjør han?» vitna om at han eigentleg hadde høyrt at Karl klatra ut på taket, men at han ikkje hadde stoppa bror sin. Svært mange meinte at mora måtte ta det største ansvaret, ho var trass alt mora til gutane. Elevane meinte at dei fann bevis i teksten for at ho la eit altfor stort ansvar over på Veslebror når ho sa: «Og dessutan må jo du passe på Karl». Elevane meinte vidare at Karl sjølv ikkje kunne ha så stort ansvar i og med at han var utviklingshemma.

Refleksjonar
Det å velja ut eit spørsmål til diskusjon på denne måten som læraren her har gjort krev refleksjonar og bevisste val. Spørsmålet ein vel kan både lukka og opna teksten, og styra samtalen. Målet må vera å finna eit spørsmål som både fangar essensen i teksten og som samstundes er opent nok til at det kan gi ulike tolkingar.

Læraren erfarte at elevane var engasjerte i diskusjonen. Med ein slik tilnærmingsmåte til teksten måtte dei halda seg nært til den og heile tida veksla mellom heilskapen uttrykt i spørsmålet «Kven er ansvarleg for ulukka?» og dei ulike delane av teksten representert gjennom personane og sitata. På denne måten måtte dei lesa teksten mange gonger og innta eit analytisk blikk på teksten. Spørsmåla frå læraren og tokolonneskjemaet fungerte som eit stillas for å få fram elevane sine tankar og refleksjonar om teksten. Også det at elevane var saman i grupper meinte læraren var viktig for læringsutbyttet til elevane. Slik kunne dei få tilbakemeldingar og råd frå kvarandre som danna viktige innspel i diskusjonen.  Det å samtala om litteratur er enklare å få til når ein er to saman fordi det er vanskeleg å melda seg ut av diskusjonen.


Av Anne Håland, Bente Stausland Skartveit og Ingveig Ødegård

Jente leser