MENY

Kva meiner lærarar må til for å lykkes med tidlig innsats?

I denne masteroppgåva har Heidi Anita Husveg spurt lærarar på 1. og 2. trinn om korleis dei arbeider med tidlige tiltak for elevar som strevar med å komme i gang med lesing, og kva dei opplever som dei største utfordringane i dette arbeidet.

Formålet med denne masteroppgåva har vore å undersøke korleis det blir jobba med tidleg innsats på 1. og 2. trinn i skulane i Stavanger, Sandnes og Klepp kommune. Kva må til for å lykkast med tidleg innsats retta mot elevar som står i fare for å utvikle lese- og skrivevanskar?

Ved å finne svaret på dette spørsmålet var ynskje å finne nokre felles faktorar som er viktige å fokuserer på i arbeidet med å få alle elvane tidleg på sporet av leseopplæringa. I denne studien kom det fram fleire suksessfaktorar som vil ha stor verdi for å oppdage og hjelpe dei elevane som strever med å kome på sporet av lesinga vidare i si utvikling. For å lykkast med tidleg innsats vil det blant anna vere viktig at lærarane har kompetanse om begynnaropplæringa og lese- og skrivevanskar slik at den ordinære undervisninga blir best mogleg. For å kunne avdekke individuelle behov treng ein tilgang og kjennskap til eigna kartleggingsmateriell. Lærarane treng gode støttespelarar og godt samarbeid med kollegaer og fagspesialistar for å finne gode tiltak for å hjelpe dei elevane som blir hengjande etter. Det vil òg vere av stor betyding at lærarane får nok tid til å fylgje opp den enkelte elev slik at ein kan lage gode planar for oppfølging av enkeltelevar, samt kunne skape ein god lærar-elev relasjon.

I denne oppgåva har eg tatt utgangspunkt i surveydesign, som er ein kvantitativ forskingsmetode. Eg har brukt strukturert spørjeskjema av typen SurveyXact som blei sendt ut til dei tre kommunane som har skular som deltek i Lesesenteret sitt prosjekt På sporet. Av dei 60 skulane som fekk tilsendt spørjeundersøkinga var det 93 kontaktlærarar på 1. og 2. trinn som deltok. Studien er gjennomført med utgangspunkt i teori knyta til tidleg innsats i begynnaropplæringa og lese- og skrivevanskar. I oppgåva blir det gjort greie for utviklinga av spørjeskjemaet og resultata blir illustrert ved hjelp av frekvensfordeling, enten som søyle- eller kakediagram. Funna blir så drøfta innanfor ramen av studien sitt hovudområde og seks forskingsspørsmål. Resultata indikerer ein ganske positiv tendens, kanskje betre enn forventa med bakgrunn i nyare forsking på området, men det er likevel tydleg at det er områder som har forbetringspotensiale.

Les Heidi-Anita Husveg si oppgåve (pdf)