MENY

Gutten i den stripete pyjamasen

Eit undervisningsopplegg for 9. klasse om korleis ei skjønnlitterær bok kan gi elevane ein ny innfallsvinkel til 2. verdenskrig.

Gjennom både tittel, framside og baksidetekst er Gutten i den stripete pyjamasen ei bok som innbyr lesaren til eiga undring. Boka med handling frå 2. verdskrigen grip ein som lesar. Målet med å bruke ei bok som denne, er å få ein annan og ny innfallsvinkel til temaet og ikkje minst det å få betre innblikk i born og ein tysk soldatfamilie sitt møte med krigen.

I dette undervisingsopplegget tilpassa 9. trinn får elevane lytte og gruble over det som møter dei i teksten. Boka får vere bok. Dette korte glimtet frå ein autentisk klasseromssituasjon er meint som ei inspirasjonskjelde til eige arbeid med ny litteratur.

Du kan lese heile undervisningsopplegget her.