MENY

Å vere i boka

Kvifor skal eg bruka tid på ny barne- og ungdomslitteratur, og korleis kan eg nytta denne litteraturen på ungdomstrinnet?

Ungdom skal ha tilgang til dagens tekstar fordi litteraturen tek opp tema som ungdom er opptekne av, han speglar mangfaldet av menneske og miljø i samfunnet i dag, og han har eit språk som unge lesarar kjenner seg igjen i. Dessutan kan den nye barne- og ungdomslitteraturen gje elevane eigne og nye skrivemønster.

Leseopplæringa kan både ha ei lesestimulerande og ei leseoppdragande side. Ein må som lærar vurdere kva tid lesinga berre skal vere lesestimulerande og kva tid lesinga skal gå inn i eit meir oppdragande læringsperspektiv.

Denne artikkelen gjev både eit teoretisk bakteppe og ei rekkje tips til korleis ein kan arbeide med tekst på.

Artikkelen finn du her.