MENY

Å boltra seg i bobler

Bruk av nynorske teikneseriar kan vera ein motiverande og spanande innfallsvinkel til norskundervisinga. I denne artikkelen får du ei innføring i teikneseriemediet, slik at du som lærar står betre rusta til å hjelpa elevane i deira utvikling av lesekompetansen.

Sjølv om eit eige hovudområde i læreplanen for samansette tekstar i norskfaget er vekke etter revisjonen i 2013, heiter det framleis at ”sammensatte tekster er en naturlig del av de tekstene elevene skal lese og utforme” (LK13). Ein fin måte å la elevane få arbeida på, er å ta utgangspunkt i ei novelle, eit dikt, eit eventyr eller ei sjølvopplevd hending og laga ein teikneserie ut av henne. Artikkelen ”Frå dikt til teikneserie”  viser eit døme på slikt klasseromsarbeid.

Det finst mange andre måtar å nytta nynorske teikneseriar i undervisinga på òg. Dei kan nyttast og analyserast som all annan litteratur, samstundes som dei opnar for mange gode innfallsvinklar.

Heile artikkelen finn du her.

 

Tegneserie