MENY

Frå dikt til teikneserie

Korleis kan ein gjere eit Garborg-dikt om til ein teikneserie? I dette undervisingsopplegget får elevane arbeide med dikt og teikneseriar saman.

Undervisingsopplegget blei gjennomført på 6. trinn, og oppgåva for elevane var å lage ein ein-siders teikneserie ut frå eit nynorsk dikt. Lærarane fann fram til dikt som var konkrete nok til å vere grunnlag for teikneseriar.

Etter eit to-timars teikneseriekurs studerte elevane ulike døme på teikneseriar som var laga med utgangspunkt i dikt. Etterpå blei dikta elevane sjølve skulle arbeide med, presenterte. Elevane valde sitt dikt og gjekk i gang med å planlegge og utarbeide teikneserien individuelt. Til slutt presenterte dei teikneseriane for kvarandre.

Elevane vart motiverte av oppgåva, og sjølv om dei møtte på fleire spennande utfordringar undervegs. var tilbakemeldingane frå dei svært positive. Samstundes vart det skapt ein arena for utforskande samtale om tekst i klasserommet.

Heile undervisingsopplegget finn du her.

 

Tegneserie