MENY

Les for meg! på nynorsk

Har du sakna gode tekstar på nynorsk for dei minste samla i ei og same bok? Det finst!

I denne artikkelen drøftar forfattarane ulike aspekt ved bruken av ein antologi som har som mål å løfte fram moderne nynorsk barnelitteratur med tekstar frå ulike forfattarar, sjangrar, tema og språkuttrykk.

For å gjere born til deltakarar i ein felles og mangfaldig kultur må vi passe på at elevane heilt frå 1. klasse – og gjerne før òg – frå møte nyare nynorsk litteratur gjennom det nynorske språket i form av høgt lesing og ikkje berre som gjenforteljing. Desse tekstane skal vere ein del av skulekulturen, men skal dette skje, er det viktig at nynorske tekstar vert presenterte på ein spennande og god måte.

Kva må så til for at teksten skal nå fram til borna? Ei god høgtlesingsstund er avhengig av at læraren kan formidle teksten på ein levande måte, slik at borna kan få danne seg indre bilete av det som skjer, og då må læraren kjenne teksten godt og leggje si eiga tolking av både verbaltekst og bilete til grunn for formidlinga.

Heile artikkelen som òg gjev døme på praksisforteljingar finn du her.

 

Bøker i en bokhylle