MENY

Europeiske oppdagingsreiser

Utdanningsdirektoratet har ei rekkje ressursar knytta til læreplanmåla som blei endra i 2013. Her er eit eksempel som mellom anna handlar om lesing i samfunnsfag.

På utdanningsdirektoratet sine heimesider kan du finne eksemplar på praktiske døme som er basert på kompetansemål for barnetrinnet, mellomtrinnet, ungdomstrinnet og for vidaregåande opplæring. Døma er ikkje heildekkjande for læreplanane, og dei skal berre synleggjere moglege tilnærmingar til bruk av læreplanen.

Dette dømet handlar om europeiske oppdagingsreiser, et tema som opnar for utforsking, kreativitet, perspektivtaking og varierte arbeidsmåtar. Her brukas kompetansemål frå dei tre hovudområda utforskaren, historie og geografi (også andre kompetansemål kan være relevante).

Kort om undervisningsopplegget
Opplæringa tek utgangspunkt i urfolk i Nord-Amerika og møtet deira med dei europeiske oppdagingsreisene. Elevane skal opparbeide seg kompetanse på ei rekkje område. Dei skal kunne bruke tidslinje og kart til å finne og organisere informasjon. Forteljingar, skildringar, rollespel og kunst skal medverke til at elevane får innblikk i og kan setje seg inn i andre sin livssituasjon. Møtet mellom europearane og urfolka i Nord-Amerika kan vere utgangspunkt for å sjå samanhengar mellom hendingar, og dei viser at hendingane kan opplevast ulikt frå ulike ståstader.
 

Du kan lese meir om gjennomføring av døme på utdanningsdirektoratet sine heimesider.