MENY

Skulemekling - Konstruktiv konflikthandtering

Eit undervisningsopplegg kor elevane gjennom praktiske oppgåver lærer meir om mekling og om korleis ein god meklar kan bidra til å dempe og løyse konfliktar.

Her kan du laste ned undervisningsopplegget som pdf.

Laga av Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
                         

Introduksjon til læraren
Både små og store konfliktar kan handterast ved samtale. Når partane møtest ansikt til ansikt, legg dei sjølve premissene utan at myndigheitene blandar seg inn. Å få fortelje sin eigen versjon og høyre motparten sin versjon kan lindre smerte og gi ei anna verdigheit enn om møtet skjer i ein domstol kor andre har regien. Målet med mekling er å hindre at ueinigheiter utviklar seg, samt å løysa konfliktar som er oppstått. Ved å delta i mekling får partane i konflikten moglegheit til å løysa problema utan alt styret det er å møte i ein rettssal.

Rettssystemet er ein viktig del av demokratiet. Som ei statsmakt skal domstolane sørgje for at lovbrot blir straffa og at alle får ein rettferdig dom. Samstundes er det mange konfliktar som kunne vore løyst utanfor rettssalane. Konfliktrådet er ei gratis, statleg teneste som kan mekle i saker både mellom private partar eller mellom fornærma og gjerningsperson der ei kriminell handling har funne stad. Målet er at partane gjennom dialog skal komme fram til løysingar.

I ein skulekvardag vil det òg vera meir og mindre alvorlege konfliktar. I tillegg kjem unge i situasjonar kor det kan vera nyttig å ha kunnskap om konflikthandtering. Dette undervisningsopplegget lar elvane reflektere over både korleis dei kan bidra til at konfliktar ikkje oppstår og korleis desse kan løysast viss dei utviklar seg.

Målet med dette undervisningsopplegget er at elevane skal reflektere over meklarrolla, og at dei gjennom rollespel skal læra kva det betyr å vera ein god meklar. Det er og eit mål at elevane skal forstå verdien av å løyse konfliktar gjennom mekling, både i sin eigen kvardag og i samfunnet elles.

Faget Demokrati i praksis er nært knytt til både samfunnsfag, norsk og RLE, og undervisningsopplegga i faget kan brukast inn mot eitt eller fleire av desse faga. Det er ønskeleg å kombinera læring om (kunnskapsorientering), læring for (verdiorientering) og læring gjennom (praksisorientering).

Undervisningsopplegg steg for steg

1. Bli kjend med omgrepet mekling. Diskuter i grupper på tre og tre kva mekling er eller kan vera for noko. La dei einskilde gruppene presentera sine forslag. Dette kan gjerast munnleg eller i form av skrivne omgrepskart, som ein då må ha vore gjennom og delt ut på førehand.

- Skriv deretter opp definisjonen: «Mekling er ein prosess kor ein upartisk tredjeperson hjelper partar til sjølv å finne ei løysing». Diskuter i klassen korleis definisjonen passar med elevane sine oppfatningar.

- Lag eit endeleg omgrepskart for klassen si forståing.

2. Bli kjend med omgrepet konflikt. Same framgangsmåte som i punkt 1, med dei same gruppene, med eller utan omgrepskart: Kva er eller kan ein konflikt vera. Definer deretter kva som alltid er til stades i ein konflikt. Ein definisjon seier at alle desse fem tinga finst:

  • to eller fleire partar
  • usemje eller motsetning
  • ubehag
  • behov som ikkje er dekka
  • konflikt inneber fare og moglegheit, og konflikten er partanes eigedom

(sjå «Meglingsopplæring» for utfyllande definisjonar)

- Lag eit endeleg omgrepskart for klassen si forståing.

3.  Kvar enkelt elev lagar så ei kort (nokre få setningar) personleg forteljing om ein konflikt dei sjølve har vore del av.  Det er truleg nok med ei oppgåve av gongen.

er kan ein ta utgangspunkt i «Min konflikt» (s 5 og 6 i SkolemeglingOSLO del 5). Desse arka kan delast ut slik at elevane kan nytta dei til å definere ein konflikt. Øvinga kan òg gjerast munnleg.

år elevane skal bruke ei sjølvopplevd konflikt må det vera valfritt kva dei ønskjer å dele frå konflikten sin. Kva som vert venta av deling må vera avklart på førehand. Det er anbefalt at elevane vel ein konflikt kor dei sjølve var part (ikkje hjelpar/meklar) og analyserer skriftleg – og refleksjonen etterpå går på korleis det var å fylle ut ihht punkta.

Vidare refleksjon, som gjerne kan vera munnleg (med litt småsnakking i grupper først) er:

  • Kva er en god konflikthjelpar?"
  • Kva slags hjelp frå ein tredjepart ville vore bra i din konflikt, for at det skulle blitt betre for dykk begge/alle?
  • Har du fått god konflikthjelp nokon gong?
  • Kva var det som gjorde det til god hjelp?
  • Korleis passar deira tankar om god konflikthjelp med definisjonen av mekling?)
  • Kva er då ein meklar si rolle?
     

Elevane småsnakkar i klassen eller i grupper. I ei oppsummering kan upartisk, prossleiar, ivaretar partane sitt eigarskap til konflikten og løysningen uthevast/leggjast til.
Det viktige er at elevane blir bedne om å prøve å kjenne seg att i ein samanheng med konflikt og mekling i deira eigne liv.

4. Læraren har funne fram til nokre kjende eksempel på store konfliktar på staden elevane bur eller ute i verda. Her kan ein til dømes sjå Brennpunkt-dokumentaren «Etter et drap». Diskuter kva type konfliktar som passar og ikkje passar for mekling.

5. Elevane set seg saman i grupper att, og blir bedne om å komma på eksempel på konfliktar på skulen som dei kjenner til, og om nokre av dei er blitt løyste med mekling, og av kven i så fall?

6. Les om fasane i mekling. (Vedlagt tekst om meklingsopplæring). Diskuter kva som er viktig i dei ulike fasane. I teksten om meklingsopplæring finst fleire idear til korleis ein kan arbeide med meklarrolla. Lat elevane sitja saman i grupper att, og be dei finne fram til tre arbeidsmåtar for ein meklar. Gruppene presenterer og klassen lagar saman ei enkel oversikt over arbeidsmåtar som diskuterast undervegs.

7. Om det finst Konfliktråd i nærleiken av skulen, kan ein som ei avrunding eller som ei innleiing til undervisningsopplegget spørja om å få vitja det lokale konfliktrådet. Endå enklare er det truleg å be konfliktrådet om å kome til skulen og halde eit innlegg om arbeidet på staden med mekling i konfliktar mellom menneske som bur der.

Lenkar og vedlegg
Handbok 5  for elever som del av mekleropplæring. 

I handbok 2 kan du lese om mekling og konflikt i kapittel 2 (s. 97 – 103). I kapittel 3 finst fleire idear til øvingar. Her anbefales øvingane «Hva er en god hjelper i konflikt?» (s. 76), « Fire ords bygg» (s. 71) og «Konflikttreet (innleiing til definisjon av konflikt)» (s. 85).

På heimesida til Utdanningsetaten i Oslo finn du meir informasjon om SkolemeglingOSLO. Her finn du og handbøkene som dei nyttar i skulemeklinga: http://www.utdanningsetaten.oslo.kommune.no/category.php?categoryID=64998

NRK Brennpunkt «Etter et drap» handlar om dei alvorlegste hendingane i vårt samfunn og om bruk av mekling og gjenopprettande prosessar. http://tv.nrk.no/serie/brennpunkt/mdup11001813/22-10-2013

Anbefalt litteratur
Nils Christie: «Konflikt som eigedom». Artikkel i ”som folk flest”, 1977.
Howard Zehr, Genoprettende Ret – en lille bog om ret, uret og retfærdighet, Akademisk Forlag 2008.
Storberget Knut: Det er dine øyne jeg ser - om forbrytelse, straff og forsoning, Aschehoug 2012

Redaktør og forfattar Jan Inge Reilstad, redaksjon og forfattarar Trond Egil Toft og Karoline Reilstad. Takk til Kari Vik, Konfliktrådet, og Kari Odden og Camilla Farstad, Klinsj AS samt Oddny Rusten, Oslo kommune.