MENY

Språkstimulering i barnehage og skole

Eit foredrag av Anne Håland og Trude Hoel der dei ser nærare på kva språkstimulering kan vera i barnehage og skule.

Dei vil visa ulike metodar i bruk, slik som dialogisk høgtlesing og den litterære samtalen, tekstskaping og leik med språk. Presentasjonen vil gje eksempel på språkstimulering i praksis, og mange av praksiseksempla tek utganspunkt i bruk av ny og aktuell barnelitteratur.

 

 

Anne Håland & Trude Hoel er universitetslektorar ved Lesesenteret. Anne Håland har erfaring som lærar i grunnskolen og har arbeida mykje med begynneropplæring, litteraturformidling og skriving. Trude Hoel har tidlegare arbeida ved norskseksjonen ved førskolelærarutdanninga i Stavanger. Ho arbeidar med litteratur, språkstimulering og leselyst i barnehagen.