MENY

Kartleggingsprøvar for Ny GIV

Ofte kan det vere lurt å kartleggje elevar for å finne både sterke og svake sider ved lesing og skriving. Her fins materiell som kan vere til hjelp.

Kartlegging av lesing

  • Avkoding (ordkjedeprøve): Prøven viser fort om eleven har automatisert avkoding av nokså kjende ord. Har eleven problem, bør ein undersøke om han har dysleksi. Elevar som har lite norsk ordforråd, kan også skåre lågt på denne prøven.
  • Lytteforståing: Prøven viser om eleven forstår tekst han høyrer. Han er fin å bruke saman med tekst som testar leseforståing. Ein elev med god lytteforståing vil som regel ha god støtte av lydbøker og mykje munnleg undervisning. Ein elev som har svak lytteforståing vil ofte slite med å bruke lydbøker og liknande.
  • Leseforståing: Test av leseforståing ved hjelp av spørsmål.
  • Lesestrategiar: Kva lesestrategiar kjenner eleven? Kva lesestrategiar bruker han?


Kartlegging av skriving

  • Alfabet- og rettskrivingsprøve: Gir indikasjonar på dysleksi.
  • Skjemaet til Skrivetrappa: Kan ein bruke for å kartleggje skriving.

Vi tilrår at ein bruker testane når det er nødvendig med informasjon, for eksempel ved mistanke om dysleksi, og ikkje som ein rutine.


Nedlasting av materiell