MENY

Lokal litteratur kan inspirera til leselyst

7.trinn på Vasshus skule har laga ei analyse av boka «Krim og kvardag i Hummarhamn» av Aslaug Sveinsvoll. Dei har òg intervjua forfattaren og illustratøren og skrive si eiga forteljing.

Presentasjon av bok og prosjekt
Lese- og skriveprosjektet er eit godt eksempel på korleis lokal litteratur, av ein lokal forfattar og illustratørar, kan inspirera ein heil klasse til leselyst. Tenk på alle dei lokale forfattarane som finnest i dei ulike lokalmiljøa – for ei inspirasjonskjelde. Dette bok i bruk-prosjektet er utført av lærar Marit H. Byberg og 7. trinn på Vasshus skule. Forfattaren av boka, 93 år gamle Aslaug Sveinsvoll, var tidlegare lærar i denne bygda. Det har óg dottera og illustratør, Berit Brusli vore. Den andre illustratøren, Nils Oddgeir Brusli, har vore elev der.

Boka skildrar kvardagslivet i den vesle bygda Hummarhamn på 1930-talet. Vi kan mellom anna lesa om Astrid som for første gong får gå aleine på krambua og om korleis dei får høna Klukka til å ruga på egga. Men ein dag blir ein liten gut borte, og heile bygda uroar seg. Lærar Marit: ”Då eg las gjennom boka, var eg veldig spent på om dette var ei bok som ville fengja elevane i vårt moderne og digitale samfunn i dag. Oppvekstmiljøet til Aslaug er veldig ulikt det miljøet som 7. klassingar i dag har vakse opp i.” Det er likevel i tråd med læreplanen å bruka litteratur som skildrar dagleglivet i fortida i undervisninga, både som kunnskapskjelde og som utgangspunkt for elevane sine uttrykk for eigne tankar (L06:44-46). Dette viser kunnskapsmål i fleire fag.

Boka i bruk
Lese- og skriveprosjektet besto i ei analyse av boka, intervju med både forfatteren og illustratøren og å skriva si eiga forteljing om Jensemann.

Eg valte å lesa boka høgt for klassen, for at dei skulle få ei fellesoppleving av det som skjer i boka , og for at vi dermed kunne ta pausar og snakka om ”kva trur du skjer vidare?” Slik kunne me lettare tilpassa boka til leseprogrammet me nyttar i skulen : Før du les – medan du les - etter at du har lese. Vi stoppa etter kvart kapittel og drøfta det, og snakka om kva dei trudde kom til å skje vidare. Det blei óg ein diskusjon om kva rykte og forutinntekne haldningar kan føra til; då vi drøfta den framande mannen som kom inn i krambua.

Sidan eg hadde lese gjennom boka på førehand, visste eg at vi ville støyta på ein del ord undervegs i lesinga som elevane kanskje ikkje forstod. Så ved starten av opplesinga av boka, drøfta vi desse orda og skreiv dei så på ei liste etter at boka var ferdig lesen. Slik slapp me for mange avbrot i lesinga.

Før, medan og etter me las, snakka me om kor handlinga i boka skjer, og at Hummarhamn er ein liten hamneby. Der fiska dei hummer og forskjellig fisk. Samtalen gjekk vidare til korleis kvardagen var på rundt 1930-talet; med hønsestell, kinning av smør, handling i krambua, baking av brød, sanking av ved og fiske. Alt dette høyrde kvardagen til i begynnelsen av 1900 talet. Sidan forfattaren brukar omgrepet krim, diskuterte vi kva som er spesielt med sjangaren krim. Vi kom fram til at krim i denne boka betyr at forfattaren får lesaren til å tru at det har skjedd noko kriminelt med Jensemann. Framandkaren som hadde sete i fengsel var rømt frå huset sitt.

Høgtlesing
Ved høgtlesinga sat elevane bak i klasserommet i ein buesofa. På bordet hadde eg lagt ein rutet duk (av den gamle typen som vart brukt til kjøkken), ein blom og eit tent stearinlys. Dette for å få fram litt av stemninga frå gamle dagar.

I starten av boka vart vi kjende med hovudpersonen, vesle Astrid, og følgde ho på vegen til krambua. Vidare vart vi meir kjende med dei andre personane i Hummarhamn og Serina som sørgde slik over sonen ho hadde mista. Vi fekk òg eit innblikk frå tidlege morgontimar i bakeriet.

Då vi kom til spenningstoppen i boka, då Klara ikkje fann Jensemann ute i leikegrinda, kom elevane med ulike løysingar på forsvinninga:

- Han er sikkert kidnappa, ramla utfor ein skrent, eller kanskje han har sovna ein plass.

Spenninga var på topp både i boka og i klassen. I dei tre siste kapitla i boka, fekk me vera med å finna Jensemann. Gleda var då stor i Hummarhamn og blant elevane.

Skriving
Etter vi var ferdige med å lesa heile boka, starta elevane på skrivinga. Det gjekk ut på å laga ei analyse av boka ut frå spørsmål om forfattar, handling, personar, miljø, illustrasjonar, og å reflektera over si meining om boka. Dei blei delte i tre grupper, som fekk tre ulike oppgåver om boka (skriva om handlinga, personane og miljøet).

Fellesoppgåver var å skriva om forfattaren og deretter å laga spørsmål til forfattaren og illustratøren som skulle brukast i eit intervju. Elevane svara òg på spørsmål om illustrasjonar og deira meining om boka. Innsatsen var stor hjå alle, og eg gav tips og tilbakemeldingar på arbeidet:


Fellesoppgåver
1. Gruppeoppgåver

Handling:

  • Synest du det er nokon i boka som vert behandla urettferdig? Kvifor synest du det?
  • Møter hovudpersonen nokre problem?
  • Korleis vert problema løyst?
  • Gjer hovudpersonen noko som du ville gjort annleis?
  • Forandrar hovudpersonen seg i løpet av boka?
  • Kva handlar boka om?
  • Har du vore med på noko liknande?
  • Kva synest du om tittelen på boka? Passar den til handlinga?

Personar:

  • Kor gammal er hovudpersonen?
  • Har hovudpersonen ein familie?
  • Fortel om ein av personane i boka:
  • Liker du personen? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Er det nokon andre i boka du liker?
  • Likner du på nokon i boka?
  • Er det noko ein av personane gjer, som du også ville gjere?

Miljø- på landet:

  • Bur hovudpersonen på landet?
  • Får du vite noko spesielt om staden?
  • Ville du budd der? Kvifor/ kvifor ikkje?
  • Bur hovudpersonen i Norge eller i eit anna land? Korleis veit du det?
  • Bur hovudpersonen i eit fantasiland? Kvifor veit du det
  • På landet eller i byen?
  • Bur hovudpersonen i eit hus? Kva slags hus er det? Kan du skildra huset?
  • Kva årstid er det? Kvifor veit du det?
  • Går handlinga føre seg over kort eller lang tid? Ein dag, ei eller fleire veker eller månader eller år?
  • Handlar boka om før i tida?
  • Er det noko med personane sin utsjånad, for eksempel klede og hår, som fortel at dette ikkje går føre seg nå?
  • Er det noko med handlinga som fortel at dette går føre seg for lenge sidan?

Boka:

  • Er det illustrasjonar i boka?
  • Liker du bileta? Kvifor? Kvifor ikkje?
  • Fortel bileta noko som ikkje står i teksten?
  • Er det bilete utanpå boka? Korleis er det?

Intervju

  • Spørsmål til illustratøren, Berit Brusli:
  • Er det kjekt å vera illustratør?
  • Har du nokon ekstrautdanning?
  • Korleis kom du på at du skulle bli illustratør i boka Krim og kvardag?
  • Har du nokon erfaring med teikning?
  • Har du vore illustratør i andre bøker?
  • Var det vanskeleg og teikna?
  • Kor mange av teikningane teikna du?
  • Korleis er det å vera illustratør i ei bok?.
  • Teiknar du ofte?.
  • Kor lang tid brukte du på kvar teikning?

2. Individuell oppgåve

Mi meining:

  • Har du lært noko av boka? Kva har du lært?
  • Kvifor skreiv forfattaren denne boka, trur du?
  • Er det ei morosam bok? Kvifor?
  • Er det ei spennande bok? Kvifor?
  • Er det ei trist bok? Kvifor?
  • Er det ei kjedeleg bok? Kvifor?
  • Kvifor valde du å lese akkurat denne boka?
  • Kven synes du denne boka passer for?
  • Vil du anbefale boka for venner? Kvifor?

Skriveoppgåve i lekse
Kan krimboka inspirera elevane til å skriva si eiga krimforteljing? Det håpar forfattaren då ho avsluttar boka med: “Enn om du skriv ei lita bok og fortel kva du trur?” Elevane fekk i oppgåve å skriva vidare om livet til vesle Jensemann, som ei heimeoppgåve på data. Dette var ei oppgåve dei lika veldig godt. Her hadde dei verkeleg levd seg inn i livet i Hummarhamn, og fleire hadde laga nye krimhistorier frå bygda, og om Jensemann

Erfaringar
For desse elevane har det vore spennande å få møta både forfatteren og illustratøren, som begge har har vore lærar i den bygda som elevane bur i. Målet med dette leseprosjektet var litt annleis enn dei leseprosjekta elevane hadde gjennomført tidlegare. Her skulle dei verkeleg inn i teksten, inn i ei tid og ei verd som låg 90 år tilbake. Eg erfarte at elevane vart sterkt engasjerte i innhaldet i boka.

Eg er glad for at me fekk prøva ut dette lese- og skriveprosjektet, for eg ser at ein slik måte å arbeida med litteratur er viktig for leselysten. Elevane spør kva tid neste bok kjem, og dei låner boka heim nå i etterkant. Denne boka vil dei nok minnast på ein heilt spesiell måte, si dei har gått inn i den.