MENY

Baobabtreet av Anders Morgenthaler

Baobabtreet av Anders Morgenthaler. Trinn: 1. trinn

Lærar: Tone Lise Kindervåg Sundvor

Kort presentasjon av boka:

Boka handlar om løva, gasellen, præriehunden, flodhesten og giraffen som går på livets landeveg. På vegen går dei rett på eit tre – eit stort Baobabtre. Etter å ha prøvd å få treet til å flytta seg bestemmer dei seg for å klatra over treet. Dei trekkjer lodd om kven som skal gå over først. Vel oppe i treet kjem ei hyene forbi. Ho ser opp, ler og går rundt treet. Etter kvart går dei fem dyra vidare… heilt til dei støyter på nok eit Baobabtre. Kva gjer dei no, tru? Som sist, dei trekkjer lodd om kven som skal klatra opp i treet først… (Og har dei ikkje har kome ned att, sit dei vel der enno… 

Boka i bruk:

Kva vil det seia å vera smart?, spør eg nokre førsteklassingar. Dei har mange forslag ; gjera fine lekser, kunna mange svar, finna på nye ting, vera lur….  …. og om ein kan lesa bøker vert ein smartare og smartare for kvar bok ein les, vi veit det er lurt å låsa døra for tjuva, og det er smart å vera snill mot andre. Når elevane har kome med sine reaksjonar, er det klart for lesestund.

Vi stoppar opp undervegs og undrar oss i lag på korleis dyra løyser utfordringane dei møter på vegen. Elevane er ivrige. Dei skulle ønska at dyra såg korleis hyenen gjorde og herma neste gong dei møtte eit tre. Har de vore så lure nokon gong, spør eg, at de lærte lure triks av andre? Dei kjem med mange historier om korleis dei lærte å snakka og gå ved å sjå på andre, korleis dei kan trøysta andre slik som mor trøystar dei, at ein lærer å vera vener med dei som er mindre av fadrane sine (på 6. trinn) som vel å vera i lag med førsteklassingane sjølv om fotballbanen lokkar. Det vi har lært av andre, for eksempel fotballtriks, kan og lærast vidare til alle ein kjenner. Dei er litt usikre på om det vil vera lurt å læra triksa til dei som er på andre lag, men finn til slutt ut at dersom nokon vert glade av å læra nye ting, så er det smart å læra vidar. Eg er eigentleg ganske smart, kommenterte ein av ungane etterpå.

Erfaringar

Eg tykte boka på ein humoristisk måte gjorde dyra dumme og ufarleggjorde det å vera lite smart. Historia, illustrasjonane og dei få spørsmåla eg hadde planlagt på førehand var nok til å få elevane til å føla seg kjempelure. Etter opplesingsøkta hadde eg boka liggjande nokre dagar i klasseromet, og kvar gong elevar kikte i ho, så fortalde dei kvarandre historier og episodar kor dei hadde lært av andre. Det viser korleis boka kan verka språkstimulerande også for det munnlege språket, og korleis dei via ei bok kan bli oppmuntra til å dela historier med kvarandre.

Neste gong eg nyttar boka vil eg leggja enda meir tid til etterarbeidingsfasen - vi kunne jo ha laga historier om "den gongen eg var kjempedum", eller ny historie om dyra som var lure...

baobabtreet_ill_400