MENY

Regnværsboka av Dagny Holm

Regnværsboka av Dagny Holm. Trinn: 3. trinn, 29 elevar.

Lærar: Tone Augestad Skår

Presentasjon

Me har hatt ein periode der me har jobba med meterologi og ulike verfenomen. For å få ei litt annan vinkling på innhaldet enn det læreboka kunne tilby, tok eg i bruk ”Regnværsboka” av Dagny Holm. Dette er ei fagbok. Teksten er skriven som ein prosatekst, men med ulike tematiske kapittel, som gjer at me ikkje treng lese heile boka for å få samanhengen. Tema i boka er mellom anna regn, skyer, vèrmeldingar, regnbogar, lyn og torever, regnskulpturar, demningar og kanalar, overflatehinne og dyr i regnver. Med andre ord: mykje interessant!

I utgangspunktet kunne nok boka sjå litt kjedeleg ut (sett frå barneauge?), men innhaldet er lettfatteleg med ein snert av humor. Innimellom finn me òg ein del artige fakta slik som historia om froskeregn (s.20). Dessutan er boka full av forslag til eksperimenter som ein kan gjere sjølv på ein enkel måte, saman med gode forklaringar på kva som verkeleg skjer når for eksempel ei sky oppstår! Dermed vart det ei veldig interessant bok, både for barn og vaksne.

Boka i bruk

Då me starta på dette temaet var arbeidsgangen slik:

  1. Me brukte fyrst læreboka vår og fekk eit innblikk i kva temaet skulle innehalde.
  2. Så gjekk me i gang med å vere forskarar med utgangspunkt i Dagny Holm si bok. Arbeidsgangen var slik at eg las høgt frå boka, så gjorde me ulike eksperiment.
  3. Dernest dokumenterte me eksperimenta i elevane sine eigne regnversbøker.

Det første eksperimentet var å lage ei lita sky. Enkelte såg nok føre seg eit klasserom fullt av skyer, og dei vart nok kanskje litt skuffa! Men når me la godviljen til, såg me ei lita sky oppi glaset med varmt vatn og med ein frossen grønnsakspose på toppen! Vatnet gjekk i alle fall over i dampform, og ungane fekk sjå det. Med enkle og gode forklaringar i boka fekk dei god forståing for kvifor dette skjedde.

Me gjekk i gang med forsøk nr. 2, og her skulle me reinse saltvatn for saltet. Men fyrst fekk elevane smake på saltvatn – noko som var spennande. 2 dråpar til kvar . ”Kjempegodt!”, sa nokre , mens andre syntes det var ekkelt! Også her fekk me gode forklaringar til både førearbeid og etterarbeid. Smaksprøven etterpå viste nok at eg hadde vore raus med saltet, men vatnet smakte mykje mindre salt!

Neste gong me var samla for å gjere forskar-arbeid, tok me fatt på eit nytt emne, nemleg lyn og tore. Dette temaet hadde elevane god kjennskap til frå før, og hadde mykje å fortelja om. Me las frå boka igjen, og fekk med oss Lynvettreglane på side 43, før me skulle lage våre eigne lyn. Me gjekk til bomberommet på skulen, for å finna eit heilt mørkt rom, utstyrt med ein ullgenser og ein fleecegenser. Også nå såg nok enkelte føre seg eit flott opptrinn med store lyn! Med lyset av, to genserar på læraren og musestille elevar skulle me observera om me såg nokre lyn når dei to genserane vart fjerna frå kvarandre! Lyna var nok veldig små og vanskelege å få auge på, men høyrde dei gjorde me. Det gnistra fælt! Tilbake i klasserommet fann me fram ”Regnversboka mi” og dokumenterte det me hadde sett. Det vart fleire spennande tekstar med illustrasjonar til! 

Erfaringar

Målet var at elevane skulle bli kjende med meterologi som eit fagområde, samt forska på ulike vèrfenomen. Eg ynskte òg å kombinere det å gjere eksperiment med det å skape eigne fagtekstar i eiga Regnversbok. Ei slik bok som dette gir rom for både lesing og skriving på tvers av fag, noko som også er presisert i Kunnskapsløftet.

Eg erfarte at boka fungerte godt på 3. trinn. Mange av elevane likar godt faktabøker. Då speler det ofte ikkje så stor rolle om ein er ein rask eller langsam lesar. Slike bøker gir utbytte til lesaren uansett pga. bilde og mindre tekstramer. Dette var jo ei annleis faktabok, men ho passa godt til høgtlesing sidan ho var skriven i prosaform. Me opplevde at det var ei kjekk og spennande bok å jobba med, særleg sidan me fekk gode tips til eksperiment som me kunne prøve!