MENY

Eg sette brillene på min katt av Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas

Eg sette brillene på min katt av Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.
Trinn: 2. trinn, 21 elevar
Lærar: Jorunn Hoås

Presentasjon

Dette er ei vakker biletbok for førskole- og småskuleungar med enkle, barnenære dikt av Halldis Moren og Tarjei Vesaas. Dei fleste av dikta vart opphavleg skrivne på bestilling til bruk i lesebøker, medan ein del av Tarjei Vesaas’ dikt er tekne frå hans vanlege diktsamlingar for vaksne - i den gode tru at dei kan lesast med utbyte både for og av barn. Biletkunstnaren Inger Lise Belsvik har som spesiale å illustrere dikt – ho meistrar den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Boka var med på å markere 100-årsjubiléet for Halldis Moren Vesaas i 2007.

Kort presentasjon av opplegga:

Det tronge huset (s.27) vart til klassediktet: HUSET MITT

Etter at vi hadde lese diktet i samla klasse, fabulerte vi rundt det å ha hus, korleis dei ulike husa ser ut, korleis dei luktar. Eg trur kanskje dette heng saman med ei linje i diktet der det stod om det å kunne pusta fritt, og akkurat det tende elevane mine. Alle fekk skriva på to ulike lappar nokre stikkord om kva det beste og verste med huset ”sitt” var. Av ein eller annan grunn kom assosiasjonane til å handla om lukter. Alt det som elevane skreiv ned, sette me saman til eit ”klassedikt”. Til slutt hengde me alt opp som eit ”storbilete” saman med diktet.

Tøysevers om katten (s.19) vart til nye tøysevers om katten på rim

Me blei kjende med diktet gjennom å syngja det etter melodien til: ”Jeg satte brillene på min nese…” I dette diktet studerte me spesielt endingane på dei ulike verselinjene, rim og rytme hadde hatt fokus i norsktimane ein periode. Utgangspunktet for eigne individuelle katterim vart likevel limtrykka (sjå her), som alle vart laga etter inspirasjon frå illustrasjonen til I.L. Belsvik. Kattane til elevane fekk utruleg mange særpreg og rima vart først skrivne etter at trykket var ferdig.

Månen og Når alt er rundt (s.30-31) vart til nye runde dikt

Her blei vi inspirerte til å tenkja ”rundt” og dikta vart til etter oppskrifta til ”5-radaren”. Her lærte eg først elevane denne måten å skriva dikt på og så var det opp til alle å finna runde ting som var viktige for dei. Dette fekk dei i hjemmelekse.

Klukkesundag (s.22) vart til boka: KLUKKETANKAR I 2.KLASSE                       

Vi leste diktet i samla klasse og slutten inspirerte oss til å tenkja etter kva som skulle til for å få ”klukketankar”…Resultatet vart rett og slett ei ”tankebok” som fekk tittelen: KLUKKETANKANE TIL 2.KLASSE. Ei svært populær bok i lesekroken i klasserommet.

REFLEKSJONAR:

Dette var ei bok som trengte ein vaksen for å bli løfta fram, eller sett. Eg gjorde nemleg eit lite eksperiment: Eg sette boka saman med andre bøker til ei lita utstilling som elevane kunne låna av, enten for å lesa, eller berre til å bla i. Eg såg ingen som av seg sjølv tok fram denne. Ein kan lura på kvifor det var slik i min klasse, for då eg ”løfta” boka fram så følte eg absolutt at elevane var engasjerte. Dei lo, studerte illustrasjonar og fekk mange assosiasjonar. Dikta fungerte svært godt som ”katalysatorar” for eiga dikting. Vi kunne arbeidd mykje meir med fleire av dikta enn dei som eg valde. For eksempel ser eg føre meg at diktet Gamle fru Ugle kunne vorte brukt i bokstavinnlæringa. Og alle dei flotte vinterdikta kan brukast i temaet ”Vinter”. Ei flott bok til å snakka om og læra om til dømes samansette tekstar.