MENY

Rollekort-prosjekt med eit utval nynorsk-bøker

Rollekort-prosjekt med eit utval nynorsk-bøker. Dette prosjektet er gjennomført i ein 4. klasse

Presentasjon ved Hanne Britt Rimestad

Litt om prosjektet:

Målet med dette bok i bruk-prosjektet er å gi elevane ei god litteraturoppleving ved å utforske teksten og språket på ein systematisk måte med ulike lese- og skrivestrategiar. Den første delen av prosjektet er knytt til førlesefasen. Kva assosierer elevane med tittelen på boka? Kva syner om slaget på boka? Korleis er boka delt inn? I denne bolken vekslar elevane mellom å samtala felles om bøkene og i grupper. I tillegg skal dei skriva tankekart. Elevane får delt sine tankar og kunnskapar og gjort seg klare til å lese boka. I tillegg er loggboka viktig gjennom heile prosjektet. Her skal elevane skrive ned det dei tenkjer, veit og finn ut. Dei skal også skrive undervegsvurdering om korleis dei likar denne forma for lesing. I tilegg får elevane rollekort når dei arbeider med boka. Dette går ut på at elevane les boka med kvar si rolle til teksten. Døme på slike roller er opplysaren, ordkunstnaren, og avsnittsguiden.

  • Ordkunstnaren skal leite etter dei orda i forteljinga som kan vere nye, vanskelege, merkelege, morosame, interessante og viktige.
  • Avsnittsguiden skal finne avsnitt i forteljinga som dei vil lese på nytt for gruppa. Det kan vere noko som er morosamt, trist, overraskande, skremmande eller interessant.
  • Opplysaren skal beskriva det avsnittet i historia som skaper eit bilete inni hovudet sitt. Det kan vere ein person, eit miljø, ei hending, eit spennande avsnitt eller noko anna.....

Presentasjon av bøkene:

Fuglefangartreet av Torvald Sund (2005)

Denne boka handlar om ein liten gut som har lova mor si å vere med bestemor på hytta, slik at mor trygt kan reise på klassefest. Men denne bestemora er ikkje som andre. Ho set guten til å hogge skog med ei utslite øks, han må plukke blåbær der ingen bær finst, og han får ekkel graut med fiskerestar i. Og gjer han ikkje som bestemor vil, går det han ille. For etter kvart demrar den fryktelege sanninga for han – bestemor har eit kjøttetande tre bak hytta, og ho tenkjer å fôre det godt….

Boka var nifs, men godt likt av dei elevane som leste denne boka. Boka har groteske illustrasjonar i svart/kvitt, og kapittelinndeling. Ingen ville ha slik ei bestemor. Bestemødrer skal vere snille, sa elevane. Likevel koste deg seg under lesinga, med skrekkblanda fryd.

Harry og Ivar i Junaited Statesen av Lars Mæhle (2007)

Denne boka handlar om Harry og Ivar. Harry har meldt seg på VM i plystring i Las Vegas, som han trur han vil vinne lett, og han er slemmare enn nokon gong. Han piskar stakkars Ivar rundt i tømmerhytta, dag og natt, og bruker opp alle pengane deira på karamellar og blåbærbrus…

Dei som leste denne boka, lo mykje. Dei lo av morosame ord og kjekt innhald. Dei klarte nesten ikkje vente på kvarandre under lesinga. Det var tydeleg at boka var fengande. Det er fine illustrasjonar i svart/kvitt, og boka er delt inn i kapittel.

Huset Goggenheim av Brit Bildøen (2007)

Denne handlar om eit tvillingpar som skal flytta inn i eit nytt hus. Huset er eit vrak og nesten utan møblar og heilt utan mor. Dei har også klart å flytte inn i eit hus som det spøker i. Og spøkelset var ein hund som tassa rundt og pusta og sikla på dei om natta…

Denne boka blei lese, og den var heilt ok. Nokon av dei gode lesarane likte den ikkje så godt. Dei meinte den var litt barnsleg, men dei lesarane som ikkje var så erfarne meinte ho var god. Så her var det delte meiningar. Boka var berre litt nifs. Eg vil seie at boka var mest koseleg, og ho endar godt.

Boka har kapittelinndeling og illustrasjonar i svart/kvitt. Eg som vaksen likte boka godt.

Happy av Linn T. Sunne (2007)

Handlar om ei jente som går på ungdomsskolen. Ho har flytta til ein ny stad. Ho har ein vond hemmelegheit inni seg. Mor hennar var lege og tok livet av seg og hunden, etter at ho gjorde ein feil i arbeidet sitt som førte til at ein gut døydde. Hunden heitte Happy, som også er tittel på boka. Bokas bodskap handlar om å lyga, om å vera ny på ein skule og om korleis vi taklar det som skjer rundt oss på ulik måte. Ei blanding av draumar, fantasi og verkelegheit.

Denne boka var den store ”hitten” blant jentene. Etter at leseprosjektet var over, leste alle jentene i gruppa denne boka. Det gjorde sterkt inntrykk på jentene at hovudpersonen laug så mykje. I tillegg kunne dei identifisera seg med mobil, tenåringsspråk osb. Eg trur miljø og innhald trefte desse jentene godt. Vi snakka mykje om denne boka saman med jentene. Eg trur det var godt. Boka har kapittelinndeling, men ikkje illustrasjonar.

Det kvite pulveret av Atle Hansen (2006)

Handlar om nokre gutar og ei jente. Dei finn ei svart pakke i fjøra. Ho viser seg å innehalde eit mystisk, kvitt pulver. Anders gøymer pakka i den hemmelege hola, den som berre han og dei tre venene hans veit om. Men han er ikkje åleine: Ein framand mann får med seg kva som skjer og byrjar å følgje etter han. Det som såg ut til å bli ein roleg og kjedeleg sommarferie, blir i staden eit dramatisk møte mellom dei fire venene og dei livsfarlege smuglarane...

Denne boka går rett på handlinga. Dette var noko som tiltrakk gutane. Også jentene likte boka, men jamt over var nok denne boka best likt av gutane. Ho var ikkje for lang, og innhaldet var interessant. Det er ei spenningsbok og boka har kapittelinndeling, men ikkje illustrasjonar.

Skatten i Skutvika av Atle Hansen (2007)

Handlar om den same gjengen i frå boka om ”Det kvite pulveret”, av Atle Hansen. Dette er bok nummer to. Den har same oppbygging – går rett inn i handlinga. Boka handlar om at ein dag Martin er ute og snorklar, finn han nokre mystiske myntar på sjøbotnen. Tilhører myntane ein skatt frå den gamle hollandske skuta som forliste her for lenge sidan, eller er det tjuvegods etter innbrotet på eit museum i Stavanger? Martin, Anders, Steinar og Anna får nok å stri med då dei skal oppklare denne gåta, og Martin vågar seg inn i eit hus der han eigentleg ikkje burde ha vore.

Denne boka var ikkje så kjekk som den første boka i same serien. Eg merka at elevane var ikkje så gira på å lesa denne boka, men dei leste ho og hadde berre gode ting å seia om ho, men det var ikkje den same iveren over denne boka som den førre. Dei som leste denne boka først, var ikkje så passive. Boka hadde lik inndeling som første boka.

Hundre appelsinar og ein fiolin av Laura Djupvik (2007)

Denne boka handlar om musikk, vennskap og ein stabeis som ikkje gir seg så lett. Denne boka var nok den som var mest filosofisk. Det var fleire som hadde meldt sin interesse då eg viste boka, men då dei byrja å lesa, gav dei opp. Dei fekk ikkje skikkeleg tak på innhaldet. Boka fengde dei ikkje. Boka har kapittelinndeling men ingen illustrasjonar. Bokomslaget er også kjedeleg, meinar eg. Eg tenkte eg kunne bruka boka meir ved eit seinare høve. Då tenker eg på å bruka delar av boka til diskusjonar, eller skriva vidare sjølv. Eg kan også tenka meg å bruka den til høgtlesing.

Bøkene i bruk:

Eg starta tidleg opp etter jul med å snakka om dette prosjektet. Eg sa ikkje mykje, men nok til at elevane viste interesse. Etter kvart starta dei opp med å spørje om når vi skulle starta opp. Før påske viste eg elevane bøkene og fortalde litt om dei. Då var dei svært motiverte, og kunne nesten ikkje vente til etter påske. Eg trur at min leseglede og dei små dryppa gjorde utslaget. Når eg gleder meg og snakkar varmt om noko, ser eg at dette smittar over på elevane. Eg hadde også bestemt meg for å ha det kjekt – ikkje stressa. Dette smitta nok også over på elevane.

To av rollekorta, ordkunstnaren og avsnittsguiden, var greie. Elevane syntes det var kjekt og spennande å bruke dei, men også vanskeleg. Opplysar-rolla var vanskelegare. Difor valte eg ut dei flinkaste elevane til å vere opplysarar, men sjølv for desse var det ei vanskeleg rolle.

Opplysaren:

Ei jente skriv mykje om denne rolla, men ho klarer ikkje å sette helt ord på kva hun får bilete av.

Hun las først boka Det kvite pulveret:

  • ”Eg såg på ein måte at dei to mennene er tyver. Sjølom dei ikkje er banditter. Så he eg ein følelse om at dei er banditter aligavel.”
  • ”Nå syns eg at det var UTRULI Spennanes. Fordi dei to mennene har teke Anders og kiddnappa Kristian.”

Boka Happy

  • ”Eg har allerede komt på s.45
  • Eg klarte mesten ikkje stoppa å lesa fordi den var så kjekke. Eg vill ikkje vera opplysar, fordi: Eg får bilde i hodet på kvar einaste setning.”
  • ”for når eg er opplysar då må eg fortella så møje. Nå er det alså sånn att dei skall på klassetur…”
  • ”Eg syns litt synd på Mo for ho var i telte så raste det i hode på henne. Mathilde kom inn i telte. Eg såg at Mathilde kom inn i telte…”

Huset Goggenheim

  • ”Eg tenker at det huset heiter goggenheim. Kanskje den som bor der heiter goggenheim til etternamn.”
  • ”Det var akuratt som at eg begynte med å gråte, men det var Maren som gråt når moren ringte. Og mor ringte fra USA.”
  • ”I hovudet mitt såg det ut som far til Magnus og Maren hadde ein tung rugsekk. Og den gammla dama som” bodde i eit hus dei gjekk forbi når dei sko på skulen heiter ….”

Happy

  • ” Jei såg at Mo pakka ut ein pakke som det sto PRIVAT”
  • ”Jei såg Når Mo himmla me augo mot ei jente med heste hale.”

Opplysar var eit vanskeleg rollekort, men alle prøvde så godt dei kunne ut frå sitt første forsøk på å skrive på denne måten.

Avsnittsguide:

Denne rolla var enklare å utføre. Elevane som hadde fått denne rolla var flinke til å skrive inn sidetal på kor det avsnittet var, som dei ville lese om igjen for resten av gruppa.

  • ”Eg syntest at avsnittt 6 var intresankt for at da fikk vi vite va hu hadde med seg! Avnitt fire var og komisk: Haha! På side 10. Å grunnen var at alle sto å smilte til den nye jenta smila var så falsk at ho bare ville spenne noen av smila bort!!! Litt trist på side 11 avsnitt: Det siste… Der hadde ho fortald så mange løgnar at di sto rundt henne og lo.”

Ein gut skriv frå fuglefangartreet:

  • ”side 11 – Og no kom ho trompande oppover trappa, så heile blokka rista… Side 22 Eg pissa i grutspannet hans..”

Ordkunstner:

Denne rolla var den lettaste. Dei elevane som hadde fått denne jobben likte denne rolla best. Dei skreiv ned mange ord og de koste seg med det de fant fram til. Noen skrev først kva ordet var, ordet og sidetal. Andre valde andre løysingar.

Eksempel:

  • Nye – morgonlyset s. 49
  • Morosame – sneia s.50
  • Vanskelege – velforvarande s.52

Erfaringar:

Dette leseprosjektet skulle vere kjekt for både elevane og for meg som lærar. Eg hadde difor bestemt meg for å gå inn på elevane sitt nivå og kosa meg saman med dei, sjølv om dei kan hende ikkje meistra rolla si fullt ut. Målet mitt var å lesa bøker på ein ny og spennande måte. I tillegg var leseglede svært viktig. Så fekk eleven ta med seg det han/ho fekk ut av leseopplevinga. Den innstillinga viste seg å vere god. Eg hadde det kjekt, sidan eg ikkje blei stressa over om det var rett slik vi gjorde det. Alt var rett, og det var ein god og positiv driv hos elevane. Nokre av elevane takla rollene sine betre enn andre, men alle elevane fekk stort utbytte av leseprosjektet. Nokon skreiv mykje og hadde mange bilete undervegs, som dei fekk ned på papiret. Andre elevar hadde ikkje så mykje å skriva ned, men snakka mykje om det dei las. Eg hadde stor glede av å lese loggbøkene deira. Dei har eg samla inn og vil bruka dei att seinare. Då vil eg bruka denne måten å lesa på igjen.

Eg observerte at elevane leste og koste seg svært mykje. Dei fekk diskutere kvar gong vi var samla. Nokre grupper var flinkare til å snakke saman enn andre. Nokre grupper måtte eg hjelpe med å komme i gong. Dei visste ikkje helt korleis dei skulle begynne.

Alle bøkene i prosjektet er på nynorsk. Dette var kjempebra, ettersom mykje av litteraturen elles er på bokmål. Utvalet av bøker var også svært bra. Elevane likte bøkene. De var ikkje for lange. I tillegg skjedde det noko nesten med ein gong dei opna boka. Dei var så engasjerte at eg lét dei gå over på både bok to og tre. Nokon av elevane leste alle bøkene i løpet av denne perioden. Det var svært vanskeleg å stoppe dei. Det ble difor litt vanskeleg når dei skulle bestemme leselekse til neste dag. Dette gjaldt spesielt for dei sterkaste elevane.

Happy var den mest populære boka blant alle jentene på gruppa. Alle jentene ville lese ho. Eg nekta dei ikkje, og brukte litt tid på å forklare tematikken i boka, sidan eg følte at dei var på grensa til å forstå fullt ut det dei leste. Nokre av jentene har vore til samtale med meg om jentemobbing, så på den måten var boka midt i blinken.

Denne metoden å lesa på kan brukast av elevar på alle trinn. Ein må berre legga vanskegraden ned, eller opp, på det nivået der elevane er. Når dei opplev meistring og glede over det dei oppdagar, vil dei ha utbytte av prosjektet. Å finna morosame ord i leseleksa, som dei skriv ned, kan vere ein start. Slik kan ein utvikla og legga til meir etter kvart som eleven meistrar det. Nye leseprosjekt kan utfordre elevane til å prøve nye roller. Rollene kan vere lærarstyrt eller elevstyrt. Denne måten kan brukast på leselekser, små tekstar eller heile bøker. Alle kan ha same rolle eller ulike roller. Elevane kan jobba aleine eller saman i mindre eller større grupper.

Det fine med denne metoden er det store mangfaldet innanfor metoden. Eg blei svært tend på denne måten å lese på. Eg hadde ei veldig kjekk stund saman med elevane.

 Last ned rollekorta her.