MENY

Det store spørsmålet og And, Døden og tulipanen av Wolf Erlbruch

"Det store spørsmålet" (2004) og "And, Døden og tulipanen" (2007).
Skrive og illustrerte av Wolf Erlbruch, omsette til norsk ved Ragnar Hovland.
Trinn: 1. trinn

Presentasjon ved Bente Kleppe Lervik

Presentasjon av bøkene

Wolf Erlbruch er ein tysk forfattar og illustratør som har motteke fleire prisar for arbeidet sitt. Bøkene, Det store spørsmålet (2004) og And, Døden og tulipanen (2007), er omsett til norsk av Ragnar Hovland og Johan Grip. Begge bøkene er tidlause, dei tek opp dei eksistensielle spørsmåla: Kvifor er vi her på jorda og forholdet vårt til døden og livet. Ikkje minst bileta i bøkene gjorde at eg fatta interesse for dei. Dei er klåre, enkle og nesten minimalistiske i uttrykka. Emnet, bileta og teksten med undringsspørsmåla, gjorde at eg meinte desse bøkene var godt eigna til å ta utgangspunkt i, for å kunne ha litterær samtale med elevane og stille filosofiske spørsmål ut frå det vi las. Eg har valt å leggje mest vekt på And, Døden og tulipanen som er ei biletbok som handlar om døden. Ho tek opp eit viktig tema som det kan vere vanskeleg for vaksne å snakke med born om. Boka handlar om And som legg merke til at nokon snik seg rundt etter henne. Slik møter ho Døden som ynskjer å halde seg i nærleiken av And, så lenge ho lever. Døden vert ein del av livet til And, og dei vert vener. Boka sluttar med at Døden sender And forsiktig av stad på elva, etter at And er død. Bilete og tekst utfyller kvarandre, og begge deler er med på å fortelje historia. Illustratøren inviterer til dialog, han fortel historia ved hjelp av bilete, og heilskapen er meir enn tekst og bilete kvar for seg. 

Bøkene i bruk

Litteratur har stor eigenverdi, og bør ofte nytast og ikkje berre bli brukt som utgangspunkt for ulike undervisningsemne. I arbeidet mitt som lærar, opplever eg likevel ofte at bøker har eit stort potensiale når det gjeld å skape rammer der elevar kan reflektere rundt ein tekst som inneheld eit aktuelt tema. Å arbeide med innhald og verkemiddel, kan vere leseoppdragande på elevane, og når elevane aukar tekstkompetansen sin, kan det  føre til auka leselyst. Borna vert svoltne på kunnskap, underhaldning og spaning. Eg vil vise korleis eg brukte litteraturen som utgangspunkt for læring. I tillegg til å bruke bøkene til å ha filosofiske samtalar om eit meiningsfylt emne, tok eg utgangspunkt i desse kompetansemåla i Kunnskapsløftet: Etter andre trinn skal elevane kunne: ”samtale om hvordan ord og bilde virker sammen i bildebøker og andre bildemedier”, ”arbeide kreativt med tegning og skriving i forbindelse med lesing” og ”samtale om personer og handlinger i eventyr og fortellinger” Eg hadde altså eit ynskje om å arbeide med personkarakteristikk, bruk av tekst og  bilete, og at elevane skulle få arbeide kreativt med teksten.

Litteraturformidling med utgangspunkt i And, Døden og tulipanen

Det at elevane er aktive før, under og etter lesinga gjer at dei får større utbytte av boka. For å setje elevane på sporet av innhaldet og skape forventning, viste eg først framsida på boka, og las tittelen for dei. Deretter spurte eg : ”Kva tenkjer du at boka handlar om når ho heiter And, Døden og tulipanen? Det er viktig å stille opne spørsmål som gjev elevane inspirasjon til å fabulere, assosiere og reflektere. Elevane fekk snakke i lag to og to for å aktivisere alle. I klassesamtalen etterpå var dei einige om at boka nok handla om døden, og ei av jentene såg for seg at anda hadde ete tulipanen som var giftig og at dette førte til dødsfallet. For at alle elevane skulle få lik tilgang til teksten las eg høgt for dei. Høgtlesing gjev fellesopplevingar, og er med på å setje i gang tankeprosessar. Eg las boka fleire gonger for at elevane skulle oppleve ulike sider ved boka. Første gong las eg utan lesestopp for at elevane skulle oppleve boka på ein heilskapleg måte. Eg viste bileta mens eg las, og dei store tydelege bileta, utan smådetaljar, gjorde at elevane klarte å høyre på teksten mens dei ”las bileta” sjølve. Etter å ha lese gjennom heile boka fekk ho litt tid til å synke. No var tida komen for den litterære samtalen, og eg la vekt på at spørsmåla skulle vere opne og reelle, og at borna fekk tid til å tenke før dei svarte. Læraren må spørje slik at eleven har lyst til å svare. Elevane sat att med tankar som: ”Alle dør ein gong, hjertet stopper, alle dør ikkje på same tid” Dette emnet er lett å stille autentiske spørsmål til fordi vi ikkje har noko fasitsvar. Teksten gjev heller ingen eksakte svar, men omtalar døden på ein respektfull måte og oppmodar til eigne tankar. Eg opplevde at vi sat igjen med ei fin kjensle, sjølv om emnet var trist.

Neste arbeidsøkt dreidde seg om personane i boka. Då brukte eg eit dokumentkamera for å kunne studere bileta grundig. Eg spurte elevane:” Kva har vi fått vite om And og Døden?” Eg skreiv to lister på tavla som inneheldt elevutsegna: ”And: kan gå, kan springe, er søt, har gigantisk lang hals, er grei, er redd, har ein rar følelse, dør. Døden: Laga av skjelett og av papir med eit tøystykke på, har sko, har auge, munn som smiler, har fin kjole, held ein tulipan, er redd for vatn ” Personkarakteristikkane vart skrivne på plakatar, og hengt opp på veggen i klasserommet. Eg spurde elevane korleis vi fekk vite om dei ulike kjenneteikna, og dei var flinke til å oppdage ting på bileta og i teksten. ”And er heilt stiv. Kvifor trur du det? Fordi han er redd. Kva trur du And er redd for? At han skal gjere han noko …ekkelt.” Ulike born hadde lagt merke til ulike ting. Dei oppdaga og at noko sto i teksten medan andre opplysningar fekk vi berre gjennom bileta. T.d. tulipanen som er med i tittelen og går igjen på fleire av bileta, det står ingenting i teksten om han, blomen eksisterer berre på bileta. Det at persongalleriet er så oversiktleg, gjer at boka er godt eigna for førsteklassingar til å arbeide med personskjema til teksten.

Nesten alle bileta viser And og Døden i nærfigur. Dei har ein tydeleg strek rundt kroppen. Alle bileta har ein roleg bakgrunn, nokre blomar og dammen skildrar miljøet for oss. Det er dei to figurane som er viktige, det er dei vi vert kjend med, og kjem tett på i boka. Elevane kommenterte at det ikkje var så mykje på bileta, og at det kunne vore sterkare fargar. Moderne biletbøker er ofte rike på fargar, og ofte er dei rikt illustrerte. Vi snakka om kvifor bileta ikkje var meir fargerike i desse bøkene. Eg stilte spørsmål om kva for tankar dei fekk når dei såg mange fargar som raud, gul, rosa, grøn og gul. Ved å gjere elevane medvitne på fargane sin verknad på oss, forsøkte eg å få fram at fargane i desse bøkene kanskje er rolegare og meir avstemte fordi det passar til emnet, sidan det er alvorleg, og at desse rolege fargane kunne vere med å skape ei litt høgtideleg og nøytral stemning i boka. Utfordringa ligg i å styre elevane inn i ein måte å forstå at fargane kan vere brukt som verkemidlar, utan å kome med ein fasit og at mi tolking er rett.

Vi las og boka Det store spørsmålet og snakka om kva spørsmål som kunne vere så stort. Etter å ha høyrt nøye på svara i boka, klarte vi å formulere spørsmålet: Kvifor lever vi på jorda ? Elevane sa at i boka var svaret ulikt alt etter kven som vart spurd. For å kome til denne konklusjonen hadde eg lese deler av boka om att og bedt elevane om å lytte nøye til kva som vart sagt. Vi samanlikna dei to bøkene for å finne kva dei var like i . Elevane fann ut at bøkene var like i at Døden og And er med i begge bøkene.  Eg var og overraska over at nokre av elevane hadde ei meining om at ”det handlar på ein måte om ”Det store spørsmålet” i den andre boka også.” Elevane la og merke til at mønsteret på kjolen til Døden var ulikt i dei to bøkene.

Filosofisk samtale

I den filosofiske samtalen ynskjer ein å tenkje høgt om verdispørsmål. Målet er å få barna til å undre seg over eit spørsmål, og deretter ta standpunkt til ei utsegn. Eg tok først utgangspunkt i påstanden: ”Meininga med livet er å ete god mat”, frå boka Det store spørsmålet. Etterpå var utgangspunktet Døden si utsegn: ”Du er her for å elske livet”. Dei som var einige i utsega gjekk til eit punkt i klasserommet markert med blått hoppetau, medan dei andre som var ueinig gjekk til eit grønt hoppetau. Då måtte alle elevane ta eit standpunkt. Den litterære samtalen og den filosofiske samtalen har ein del likskapstrekk når det gjeld å stille opne spørsmål, og det å ta elevane sitt svar på alvor. Barn får ofte assosiasjonar til liknande ting når dei høyrer på det andre seier. Dersom ikkje læraren styrer samtalen kan den fort skifte tema. Eg opplevde det som mykje lettare å ha ein litterær samtale. Då kunne eg relatere ting til teksten for å kome på sporet att, dersom assosiasjonane vart for mange. Teksten er meir konkret for barna. I den filosofiske samtalen forsøkte eg å dra inn att til tema, men opplevde at det var for abstrakt for dei fleste av dei å halda samtalen i gang over tid. Vi får modnast i lag når det gjeld den filosofiske samtalen, eg og elevane.

Litterær storyline

Litterær storyline er ein metode der læraren ved hjelp av nøkkelspørsmål tek i bruk rollespill, rekvisittar og idémyldring i ein prosess der elevane skriv si eiga versjon av forteljinga. Nøkkelspørsmål er spørsmål som skal vere med å drive utviklinga i forteljinga i ei storyline. Det er ulike måtar å arbeide med storyline på. Ein kan arbeide med storyline undervegs i lesinga av ein tekst, i etterkant eller som ei litterær storyline der eleven si eiga forteljing er hovudføremålet. Eg hadde eit ynskje om at elevane skulle arbeide kreativt med teksten etter lesinga. Arbeidet med personane gav oss eit innblikk i kven And var, og eg brukte plakaten med personskildringa som utgangspunkt til å dikte vidare. Elevane vart spurd om kven dei trudde And var i familie med, og dei tok i bruk teikning og skriving for å utvide persongalleriet. Vidare snakka vi om korleis Storesyster And, eit oppdikta familiemedlem, hadde det etter at And var død. Ho bladde mellom anna i ein fotoalbum for å minnast And. Elevane teikna yndlingsbilete hennar i skriveboka si. Lillebror And, ei tøyand, fekk eit brev der det stod at han skulle arve det kjæraste And åtte, og elevane fekk i oppgåve å finne ut kva det kunne vere.  Eg opplevde det som svært inspirerande at historia om And fortsette i klasserommet vårt, og  førsteklassingane levde seg inn i boka, og sine eigne forteljingar, med engasjement og glød. Eg trur at denne metoden kan hjelpe elevane til å leggje ekstra godt merke til ting i tekst og bilete, fordi dei skal arbeide vidare med det. Elevane mine måtte stadig få sjå i boka ein gong til.

Erfaringar og oppsummering

Fleire av elevane er  på sporet av kunnskap om at tekst og bilete kan utfylle kvarandre i biletbøker, og at illustratøren vel ut kva fargar som passar best for å få fram bodskapen. Eg tykkjer bøkene høver godt som utgangspunkt for filosofiske samtalar med barn. Seksåringane forsto mykje av bøkene, og fleire av dei hadde klare tankar og meiningar om døden. Litterær storyline er ein god arbeidsmåte for dei yngste lesarane, fordi dei har så mykje av leiken i seg. Plakatane med personkarakteristikk førte til at elevane fekk ein tettare relasjon til hovudpersonane. Dei heng på veggen i klasserommet, og And og Døden er som gamle kjende for oss.