MENY

Slemme barn av Knut Nærum og Bjørn Ousland, og Roy av Gro Dahle og Svein Nyhus.

Slemme barn (2008) av Knut Nærum og Bjørn Ousland, og Roy (2008) av Gro Dahle og Svein Nyhus.
Trinn: 4. trinn

Lærar: Liv Eldrid Andersen

 

Kort presentasjon av bøkene:

4. klasse skulle i denne perioden læra meir om sjangeren dikt. Vi hadde jobba med ulike typar dikt, med typiske kjenneteikn i dikt, stemmebruk m.m. Vi hadde jobba med språklege verkemiddel, med assosiasjonar og ord for sansane våre i diktskaping; skildra farge, smak, lukt, form/utsjåande, lyd/klang og oppleving. Eg hadde lese fleire dikt for elevane frå Knut Nærum og Bjørn Ousland si bok Slemme barn. Desse dikta var midt i blinken for 4. klasse! Dikta er strengt pedagogiske, men svært karikerte og humoristiske. Illustrasjonane er fulle av detaljar og humor. Eg fekk stadige oppfordringar frå elevane mine: ”les meir frå Slemme barn - boka!”. I arbeidet med dikt-sjangeren, var tida no komen til elevane sin eigen dikt-produksjon. Eg ønska å gi elevane ei konkret oppgåve, og ville at dei skulle skriva eit dikt om sorg. For å komme på sporet av ei slik stemning, valde eg å bruka biletbok som innleiing til temaet. Såleis kunne eg samstundes jobba med sjangrane biletbok og samansette tekstar.

Som eit totalt motstykke til den humoristiske boka Slemme barn, valde eg biletboka

Roy av Gro Dahle og Svein Nyhus. Roy handlar om ein gut som mistar hunden sin. Ut frå dette sørgjelege faktum spinner forfattar Gro Dahle ei forteljing som er innom fleire førestillingar om kva som skjer etter døden. Eg valte denne biletboka fordi den på ein flott måte kombinerer ulike modalitetar: Teksten er direkte, og setter deg rett inn i stemninga i første setning: ” Ein dag er Roy død”. Boka er fortalt i ”jeg” -form, der guten sine tankar kjem til uttrykk. Då eg opna boka fyrste gong , slo bileta imot meg. Dei var sterke visuelle skildringar. Illustratøren har brukt kalde og dystre grå- og blåfargar som er med å understreka sorga over det tapte kjæledyret. Teikningane er dramatiske og pyntar på ingen måte på sanninga. Hovudpersonen har ein trist skikkelse, med stort hårlaust hovud, djupe mørke auge, og bøygd nakke. Her er bilete av både gravplass og skjelett. Svein Nyhus er ein biletkunstnar som likar å leggja inn detaljer i bileta som vekkjer og pirrar born si evne til undring. Denne boka er spekka av detaljer, og appellerer verkeleg til fleire sansar. Ved å velja ei biletbok med sterke bilete, ønska eg å både å læra elevane meir om tolking av bilete , og å skapa ei stemning hos elevane som kunne gi dei inspirasjon til å forfatta eigne dikt.

Bøkene i bruk:

Biletboka Roy er laga slik at elevane måtte sjå begge sidene i dobbeltoppslaga samtidig. Eg kunne ikkje scanne ei og ei side av boka og visa desse på stort lerret, for historia i bileta gjekk over begge sidene i breie dobbeltoppslag. Difor samla eg alle elevane på golvet rett framfor meg, så elevane såg detaljane i bileta godt. Eg hadde kopiert sjølve teksten, slik at eg kunne sitja med boka i ro framfor meg og lesa teksten, medan elevane heile tida både såg bileta og høyrde teksten.

Sidan dette var første gong eg arbeidde leseoppdragande med biletbok i klassen, jobba vi med enkle ”tolkingar”. Eg prøvde å få elevane til å forstå at tekst og bilete er avhengig av kvarandre for at boka skal henge saman og gi oss ei god leseoppleving. Vi kan ikkje lesa berre teksten, eller berre bileta, om vi skal få med heile meininga med boka. Skrift og bilete påverkar, utfyllar og understrekar kvarandre, slik at vi må pendla mellom tekst og bilete for å få ei breiare forståing.

Då eg jobba med biletboka , jobba eg grundig med framsida og dei 5 første oppslaga . Eg stilte følgjande spørsmål undervegs : ” Kva legg du merke til i teksten ? Kva trur du det betyr? Kva legg du merke til i dette bilete ? Kva trur du det betyr ? Seier teksten noko som bilete ikkje viser ? Seier bileta noko som teksten ikkje seier? ”. Elevane var litt nølande ved først oppslaget, men då dei var komen inn i arbeidsmåten, og at det var lov å fabulera ut frå eigne tankar blei dei svært ivrige. Det var lettast å få elevane til å sei noko om bileta. Ungar no for tida lever i ei ”media-verd” og er vand med å sjå bilete. Elevane bobla over av tolkingar. Dei la merke til mange av illustratøren sine verkemiddel :

  • fargar -  ” alle fargane e så grå og triste , det e fordi gutten har det så trist”
  • form – ” gutten sin nakke e bøyd heila tidå , han ser nesten ut som om han vil knekka sammen ” / ” alle folkå sine kroppar e bøyd”.
  • perspektiv – ” det e så langt opp til faren” / ” hodet e så lite på faren og så stort på gutten – det e sikkert fordi gutten har så mange triste tankar i hodet sitt”/ ” vennen til gutten e så langt vekke i bilde – det e akkurat som han ikke kan trøsta gutten”.
  • effektar  - ” til og med treet på bilde e dødt ” / ” det er ein dødningeskalle på veggen – det og betyr døden”.
  • symbolsk ladde detaljar  - ” hundakjeksen ligge i søppelbøttå – det er fordi de ikke trenge meir kjeks når hunden e dø”/ ” gutten har bare hundar på veggen sin , det e fordi han bare elskehundar , og då blir han ekstra trist når han ikkje har hund meir”. / ” til og med pølsa ser trist ut, for den ligge sånn veg at det ser ut som ein sur munn”.

Det vanskeligaste for elevane, var å sei noko om var samspelet mellom tekst og bilete; om korleis tekst og bilete utfyllar kvarandre. Elevane går berre i 4.klasse, og dette var første gong eg jobba med dei på denne måten. Når eg hadde stilt nokre spørsmål om ting dei ikkje kunne lesa av teksten , men berre av bilete og omvendt , fekk eg likevel nokre kommentarar. T d. :  ”…. Viss me ikkje hadde sett det på bildet, kunne me ikkje veta at det var hunden som var død, for i teksten står det bare Roy og han…” . Sjølv om elevane ikkje sa så mykje i starten, trur eg at ved å setje fokus på dette samspelet mellom tekst og bilete, lærte elevane noko meir om biletbøker enn dei kunne frå før.

Det lesestimulerande målet – bruk av biletbok for å vekke kjensler. 

Dei første 5 oppslaga i boka hadde vi analysert side for side. Dette gjorde lesinga noko oppstykka, men samtidig fekk elevane sine ulike refleksjonar understreka den triste stemninga i boka. Då eg skulle legge opp til neste oppgåve (dikt), las eg dei same sidene om igjen, men denne gongen samanhengande. Eg prøvde med stemmebruken min å leva meg inn i den sorga guten følte då han oppdaga at hunden hans var død. Sjølv om vi akkurat hadde lese dei 5 oppslaga og snakka om dei, sat alle elevane like stilt og følgde godt med. Temaet og dramatikken i bileta fenga tydeleg. Det er fleire av elevane som har eigne kjæledyr, og ingen i klassen hadde vanskar med å sette seg inn i guten sine kjensler. Etter 5. oppslag tok eg ein lese-stopp og ga elevane dikt-oppgåva. Lesestoppen blei lagt inn der handlinga til no berre hadde vore trist. Etter dette punktet starta fabuleringa om korleis eit liv etter døden kan vera for ein hund. Nokre av fabuleringane var litt muntre og humoristiske. Dei ville eg venta med å lesa. No skulle elevane berre vere i guten sitt ”sorg-modus”. Skrive-bøkene låg klare på pultane, så elevane ikkje skulle miste fokus på vegen :

Det kompetansehevande målet -  skriving av eigne dikt.

Nokre av kompetansemåla i norsk  innanfor området skriftlege tekstar, er :

  • ”skrive fortellinger, dikt, brev og sakpreget tekst”
  • ”gjenkjenne og bruke de språklige virkemidlene gjentakelse, kontrast og enkle språklige bilder”.

Då elevane skulle gå i gang med skrivinga, var det stor skilnad på gruppa . Fleire av elevane hadde fått nok inspirasjon frå biletboka, og frå tidlegare dikt-modellar i undervisninga, til å starte eiga dikting med .Dei gjekk raskt i gang, og skreiv ivrig i veg. Fleire av dei identifiserte seg med guten i boka, og tok opp stemninga derifrå. I etterkant såg eg at det var dei dikta som blei ”best”. Desse elevane hadde fatta poenget med oppgåva og diktsjangeren , og klarte å nytta eit kortfatta biletleg språk, der dei skildra ei kjensle. Andre elevar trong meir hjelp og tid for å koma i gang. Nokre av elevane skreiv noko som likna meir på forteljing, berre at orda var sett opp under kvarandre. Språket var lite skildrande og bar preg av konkrete hendingar i rekkefølgje : …”og så gjorde eg …og så gjorde eg…. ”  Det å skriva dikt er vanskeleg , då forma på dikt er så ulik, og mykje er ”lov”. Elevane i 4. klasse har heller ikkje så mykje trening i å bruka symbolsk språk. Ein stad må ein likevel byrja, og dei første forsøka på eigne dikt er berre eit steg på vegen mot større meistring. Alle elevane sine dikt blei difor mottatt med glede, og dei som ville ha sine dikt lest opp, fekk det. Nokre valde å lesa sjølve, medan andre ville at eg skulle lesa. Dei minst poetiske dikta var det ein fordel om eg las dei. Då kunne eg improvisera litt undervegs ,og leggja trykk på ord, ta pausar, dela opp linjer m.m., slik at dikta høyrtes flottare ut. Nokre av dei ”beste” dikta , klarte forfattarane fint å lesa med innleving på eiga hand. 

Då diktlesinga var over, leste eg resten av biletboka for elevane.

Erfaring og oppsummering:

Det er spanande å bruke biletbøker i undervisninga! Det finst så mange flotte biletbøker med fengande tema og fantastiske illustrasjonar. Elevane er lett å få engasjert, og 4.klasse stussar ikkje om du dreg fram ei biletbok. Ingen av dei seier noko om at biletbøker er ”barnslege”, noko dei heller ikkje er. Som vaksen har eg stor glede av desse bøkene! Når det gjeld oppgåva mi kunne eg med fordel valt enten dikt eller biletbok. Eg fekk jobba godt med biletboka, og trur elevane lærte mykje. Dei viste stor entusiasme, og eg trur dei levde seg inn i historia. Når det gjeld sjølve diktproduksjonen, derimot, er eg meir usikker. Dikta blei nok eit lite ”stebarn” oppi det heile, sjølv om klassen var midt i ein 2 vekers periode med dikt som tema.  Det blei få ”svulstige” dikt etter ”inspirasjonslesinga” mi. Dette kan ha fleire årsaker: alderen på elevane, manglande livserfaringar i høve til sorg, uklåre forventingar til oppgåva. Elevane kan og ha manglande erfaring med lese-stopp, der dei plutseleg må omstilla seg frå å vere mottakar til å sjølv vere forfattar. Eg gjer meg tankar om at det hadde vore lurare å jobba med dikt-skriving tidlegare i veka, då vi jobba med Slemme barn. Då hadde elevane stort engasjement for dikt, som kunne vore utnytta betre. Det hadde nok og vore enklare å dikta morosame dikt med rim og rytme, enn følsame dikt om sorg.