MENY

Bukkene Bruse på badeland av Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund

Samanlikning av bildebok og lydbok. Bildeboka Bukkene Bruse på badeland av Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund (ill.) (2009), og lydbokversjonen av same boka har blitt brukt i eit opplegg på fjerde trinn. Fokus var samansette tekstar og korleis lyd, bilde og tekst formidlar meining.

Presentasjon av boka
Som i det kjente eventyret er dei tre bukkane på veg til seters, men i denne bildebokversjonen tar eventyret ei anna vending. På veg til setra ser bukkane eit skilt som viser vegen til badeland og dei bestemmer seg for å undersøke dette nærare. Med humor vert bukkane sitt besøk på badeland formidla gjennom tekst og bilde i bildeboka, og gjennom tekst og lyd i lydboka. Trollet dukkar også opp. Denne gangen sit det ikkje under brua, men derimot under trappa opp til den store sklia. Og det går som me kjenner ikkje så bra med trollet denne gongen heller.

Boka i bruk
I Kunnskapsløftet er to av måla etter fjerde klasse at elevane skal samtale om form og innhald i samansette tekstar. Elevane skal også gi uttrykk for eigne tankar og opplevingar om barnelitteratur, teater, film, dataspel og TV-program.
Denne teksten fortel om eit opplegg gjennomført i fjerde klasse. Det var sett av to timar til gjennomføringa. Første time blei brukt til å lese bildeboka og andre time blei brukt til å lytte til lydboka. Formålet var å samanlikne desse to media med tanke på kva bidrag bilda og lyden gir til forteljinga.

- Førlesing
Eventyret om dei tre bukkane Bruse er eit kjend eventyr, og for å aktivere elevane si førforståing, gjennomførte lærar ein samtale med elevane med utgangspunkt i boka si fram- og bakside. I samtalen drog ein linjer til folkeeventyret, og knyta denne kunnskapen opp mot kva informasjon omslaget på bildeboka kom med. Kva var annleis og nytt?

- Under og etter lesing
Elevane lytta konsentrert og dei kosa seg med å lytte til boka. Boka vart vist fram ved hjelp av eit dokumentkamera. Slik får alle elevane tilgang til å sjå bilda samtidig som dei høyrer teksten. Ein kunne høyre masse humring blant elevane medan lærar las. I samtalen etterpå spør lærar kva det er som gjer at boka er morosam. « Komiske bilder», «bildene er gøy og forteller mye» og « det er mange små gøyale kommentarar i teksten» er nokre av svara frå elevane. Om bilda seier elevane at dei er fargerike, at det ser ut som om dei er klypt ut og limt inn igjen. Ein elev kjem med denne skildringa av bilda: «det ser litt ut som et barn har tegnet bildene, men et barn hadde ikke greid det».

Etter samtalen fekk elevane ei lita skriveoppgåve. Oppgåva tok utgangspunkt i det siste oppslaget i boka. Trollet tapte, det sit bandasjert under brua si og bukkane hevar kaffikoppen i triumf. Det er ikkje noko dialog på det oppslaget, men bildet viser likevel ein dialogsituasjon. Skriveoppgåva var: Kva seier dei til kvarandre?

Elevane fekk utdelt eit ark med bilde av dette siste oppslaget, og lærar hadde laga to snakkebobler som elevane skulle fylle med tekst. Ingen av elevane lurte på kva dei skulle skrive. Motiverte som dei var, fulle av inntrykk, sette alle i gong med å skrive. Det var ei skriveoppgåve alle kunne meistre. Etterpå blei alle tekstane vist fram og kommentert. Slik fekk ein ei fin anledning til å snakke om korleis me både tolkar og les bilde likt og ulikt.

- Lytting til lydboka
Då elevane skulle lytte til lydboka, fekk dei ei konkret lytteoppgåve. Lytt til lydboka og skriv ned kva lydar du høyrer og kva lydane skal illustrere. Elevane fekk utdelt eit ark med beskjed om å skrive ned etter kvart.
Mange noterte flittig. Andre blei berre sitjande å lytte og gløymde heilt å skrive. Nokre skreiv mykje og nokre skreiv lite.

- Etter lytting
I samtalen etter lyttinga delte først elevane sine lytteobservasjonar. Først i par, deretter for klassen.   Samtalen dreidde seg om effektane og om valet av lydeffektar, men også om forskjell på bildebok og lydbok, om kva bilda tilfører teksten og kva bidrag lyden gir. «Nå ser vi bildene i hodet», «trommelyden var vellykket» og « du forstår mye av lyden i lydboka» var nokre kommentarar. «Viss du vil lese boka fort, trenger du bildene», «det er så kjekt å se på bildene». Om forskjell på lydbok og bildebok kom opplagte svar som « lydbok har lydeffekter», « bok er bok, ingen lydeffekter» og denne fine: «Når du leser finner du på andre måter å bruke stemmen på. Når du lytter, så hører du stemmene».

Erfaringar
Dette var fyrste gong elevane skulle gjere ei slik konsentrert lytteoppgåve på denne måten. Erfaringa viser at å lytte er ei krevjande oppgåve. For det første skulle oppgåva til elevane vore endå meir spesifisert, som for eksempel: Kva for ein lyd vert brukt for å illustrere trollet? Kva for nokre lydar vert brukte for å illustrere bukkane? Det ville også vore svært lurt å stoppe kort tid etter at ein starta lyttearbeidet, for å summere opp så langt i prosessen, eksemplifisert, delt lyttaropplevingar, osv. Lytteprosessen må leiast i mykje større grad, elevane treng rettleiing og modellering.

Elevane likte godt dette arbeidet. Dei syntes det var spennande og det var ein annleis måte å bruke bok og lydbok på. Samtalane viser at ei oppgåve som dette kan vere med på å gjere elevane meir medvitne på korleis bildebok og lydbok fortel, og kva ulike bidrag lyd og bilde gjev. Å gjere dette oftare kan vere med på å bygge opp lyttekompetansen til barna og eit omgrepsapparat til å snakke endå meir presist om kva dei ser og høyrer.

Tekst: Monica Gundersen Mitchell