MENY

Sjukehusleiken

William sit i kø på legekontoret, som med Martin si skrift har blitt til ”lekekontor”. Han har vondt i hovudet og treng medisin. Legen må difor skriva ut resept. På resepten står det: ”Hodetablet WILLIAM Han vont I Hode”. På apoteket sit Embla og Eivind. Dei lagar til medisin i små medisinbeger. Utanpå klistrar dei små namnelappar med namnet på medisinen. ”kolamedisin” står det på ein av lappane.

I eit anna hjørne av klasserommet sit Vilde. Ho har laga til skilt: ”inskriving”. Også her sit det pasientar i kø for å bli skrivne inn på sjukehuset. Vilde skriv namna til pasientane på ei papirremse som ho festar rundt armen deira.

Marius er ein ivrig operasjonslege. Han opererer og er stadig klar til å ta imot nye pasientar. Sjukehusdirektøren (lærar i rolle) kjem til operasjonsstua og peikar på at dei manglar skilt. Direktøren poengterer at skilt er viktig fordi ingen andre enn dei som er med på operasjonen har lov til å koma inn her. Operasjonslegane Marius og Kjell Aksel skriv då ”AdgafårbutÅpersjon”.

I eit anna hjørne er det sjuke pasientar på ”Avd. Hjertesyk”. Pasientane blir passa på, undersøkte og får medisinen sin. Då sjukehusdirektøren kjem på besøk, vil ho at dei skal skriva journalar til kvar pasient. Vilde skriv då ”ELISABETH 7 ÅR Brukefoten”.

Denne typen leik kallar Stig Brostrøm for rammeleik (Brostrøm 1995). Rammeleiken er meir regissert enn den vanlege frie leiken nettopp ved at det blir gitt nokre rammer for leikinga, til dømes på flyplassen eller slik som her på sjukehuset. Brostrøm meiner at rammeleiken skal springa ut frå elevane sitt engasjement, det er dei som skal planleggja leiken.

I sjukehusleiken var initiativet læraren sitt, men med elevane som viktige inspirasjonskjelder. I rammeleiken får elevane så tildelt ulike roller og oppgåver. Det er viktig å merka seg at elevane berre kan delta i rammeleiken dersom dei kan førestilla seg rolla og handlingane dei har fått tildelt. Likevel er det mogleg å leggja tilhøva til rette slik at skriftspråket inngår som ein naturleg del av leiken utan at det spontane i leiken vert øydelagt.