MENY

Læraren som pådrivar

Læraren kan gjera langt meir enn å skaffa det nødvendige skriveutstyret og leggja tilhøva til rette for leik. Læraren kan også medvite byggja opp leikesituasjonar kor skriving er ein naturleg og nødvendig del av leiken.

Ved å iscenesetja ulike leikekontekstar, til dømes avisredaksjonen og på flyplassen (sjå skissa), kan læraren gå inn i rolla som redaktøren eller flyplassjefen og slik vera pådrivar for ulike skriveaktivitetar.

Det er ikkje nødvendig at læraren er i rolle heile tida. Det er meir snakk om at ein er pådrivar og at ein ved enkle rekvisittar (til dømes ei jakke) kan gå inn og ut av rolla når det høver.

Slik kan ein utvikla leiken ”No har sjukehusdirektøren bestemt at han vil gå på besøk til alle pasientane. Og sjukehusdirektøren vil gjerne sjå journalane til pasientane.” I sjukehusleiken er læraren pådrivar gjennom bevisstgjerande og læringsfremjande dialogar.

Dialogane kunne gi rom for språkleg undring på mange nivå slik som her: No har du skrive A-v-d. Då kan du setja punktum. Kvifor det? For å sleppa å skriva så lange ord brukar me ofte forkortingar. Avd. er forkorting for avdeling.

Det er også naturleg at ein hjelper til med å skriva ord som elevane har bruk for, at ein hjelper elevane med å analysera ord. Med læraren og elevar i rolle kan skrivinga vera leik samstundes som det er tilpassa utforsking av bokstavar.

Men slik iscenesett skriftspråkstimulerande leik vil òg gje kunnskapar om kva me nyttar skrifta til (resept), og ikkje minst kan slike leikesituasjonar gje kunnskapar om korleis me brukar skrifta for å oppnå det me ynskjer: Adgafårbut.