MENY

Å skrive med engasjement på 1. trinn!

Dette blogginnlegget vil handle om eit undervisningsopplegg der det vart skriveengasjement få veker etter oppstart i 1. klasse. Av Iren Sævik.

Oliver er klassebamsen til 1. klasse. I helgane får han vere med heim til elevane etter tur. I vekene er han med i klasserommet og ser kva som skjer der.

Ein dag tar eg med Oliver til kroken der vi har forteljestund. Denne dagen er det Oliver som har noko han vil fortelje til klassa. Det første han fortel at han har sett kor flinke elevane er til å jobbe med å lære seg å skrive og lese.

Vidare seier han at dei allereie har lært seg å skrive mange bokstavar. Han har eit stort ønske, og han lurer på om 1. klasse kan hjelpe han med å få oppfylle det. Klassa seier eit rungande, Ja! Oliver seier litt forsiktig: «Eg har lyst på brev». Oliver  fortel vidare at han har skrive eit brev til 1. klasse, som han håpar dei vil svare på. Deretter seier Oliver at i brevet kan elevane bruke dei bokstavane dei har lært, og dei har faktisk lært alle bokstavane i namnet hans. Oliver + nokre til. Eg les etter dette brevet frå Oliver til klassa.

Iren%20s%C3%A6vik%202
Brevet frå Oliver til 1. klasse.

Utgangspunktet for undervisningsopplegget eg her har starta å skrive om, var at eg ville prøve ut omvendt planlegging, med utgangspunkt i Leseplanleggaren og Skriveplanleggjaren. Ved å starte med kva som er målet med undervisninga er det lettare å få til ei heilskapleg undervisning, fordi då er det målet og korleis ein skal vurdere om elevane har nådd målet som styrer og ikkje kva aktivitetar som vil vere kjekke for elevane.

Eg ville også prøve å få til at elevane mine skulle få vise både seg sjølv og andre at dei både kunne skrive og lese, sjølv om dei bare hadde gått på skulen i nokre få veker. Det var først og fremst skriving eg ville ha fokuset på denne gangen, men det vart ein kombinasjon av både lesing og skriving til slutt.

I Leseplanleggjaren for læraren, eller rettare sagt ein kombinasjon av skrive- og leseplanleggjaren, som det vart denne gangen, vart den sjåande slik ut:

Iren%20S%C3%A6vik%20Planlegger.PNG%20%28rw_largeArt_1201%29

Etter at brevet er lest, fortel Oliver, med hjelp av meg, at det er lov å bruke leikeskrift. Dei kan også spør dei vaksne om hjelp. Læringsvennen kan kanskje også  hjelpe dersom det er noko dei ikkje får til.

«Teikningar med mange fine fargar er eg også veldig glad i», seier Oliver. Eg overtar ordet og fortel kva som er kriteria for denne oppgåva:

Iren%20S%C3%A6vik%203.jpg%20%28rw_smallArt_1201%29

På konvolutten skal det stå til Oliver på framsida og frå + namnet på den det er frå på baksida. 

Øvst på arket, som skal leggast inn i konvolutten, og som er sjølve brevet, skal det også stå til Oliver og nedst kven det er frå. Så snakkar dei litt om kva som kan stå i brevet, før alle elevane set seg på pultane sine.

Før dei får gå i gang med brevskrivinga, seier læraren at dei skal skrive eit brev på tavla som er felles frå alle i klassen til Oliver. Grunnen til at eg vil skrive eit fellesbrev i starten, er at eg på den måten kan modellere korleis eit brev ser ut. Ein elev rekke då opp handa og seier at då kan ikkje Oliver vere her.

(Til høgre: Oliver i "karantene" på arbeidsplassen til læraren.)

Oliver blir då sendt ut av klasserommet og må sitte på arbeidsplassen til læraren, slik at han ikkje kan smugtitte på breva, medan klassa jobbar. Læraren skriv brevet, nokre elevar brukar seinare nokre av setningane frå tavla i sitt eige brev.

Iren%20S%C3%A6vik%204.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29
Fellesbrevet på tavla med teikningar rundt.

Når fellesbrevet er skrive, er elevane veldig motiverte og byrjar med stort engasjement å skrive og teikne på breva til Oliver. Nokre skriv heilt sjølv, bokstavar og ord. Nokre skriv setningar med mange ord heilt sjølv. Andre igjen skriv av det som dei har fått meg eller ein annan lærar til å skrive på ein gul lapp. Nokre har blanding av leikeskrift og bokstavar. Alle skriv til Oliver og frå, namnet sitt, på konvolutten.

Iren%20S%C3%A6vik%205  

Seinare i veka når alle breva er ferdige, kjem Oliver ein dag inn i klasserommet med ei kasse der breva ligg. Oliver seier: «No klarer eg ikkje å vente lenger, kan eg ikkje få sjå og høyre det dei har skrive til meg»? Elevane får då fortelje om teikningane og lese breva sine til Oliver.

Elevane er tydleg stolte. Lærar hjelpte til med å lese for dei av elevane som ønska det. Oliver gav deretter elevane to stjerner og eit ønske til kvar elev. Vart notert ned på ark.

Kvifor lage dette undervisningsopplegget?

Eg hadde bestemt meg for at målet frå Kunnskapsløftet skulle vere å arbeide kreativt med teikning og skriving i Iren%20S%C3%A6vik%207.jpg%20%28rw_smallArt_768%29 samband med lesing. Etter at målet frå kunnskapsløftet var på plass, måtte eg bestemme meg for kva produktet skulle vere. Eg ville ha eit skriftleg produkt som skulle lesast opp for klassen, fordi eg ville at alle elevane skulle få oppleve at dei kunne skrive og lese.

Tankane gjekk deretter til korleis eg kunne få elevane til å jobbe kreativt med skriving etter å ha gått bare nokre få veker på skulen, i første klasse. Ikkje bare skrive bokstavar og ord med dei bokstavane dei hadde lært. Brev er ein sjanger som ikkje er like mykje brukt lenger, men er noko som er kjekt å prøve på. Å skrive brev kan også lett differensierast etter nivå. Etter kvart vart undervisningsopplegget over sett saman.

(Til høgre: Ein elev er klar til å lese brevet sitt til Oliver.)

Lærte elevane og eg noko?

Gjennom dette undervisningsopplegget opplevde eg veldig motiverte elevar som fekk eit produkt dei var veldig stolte av. I økta med opplesing, var mange sjenerte og ville ikkje seie så mykje i starten, men når dei kom i gang med å vise og lese, fekk dei store smil alle saman. Dei som ikkje ville lese sjølv, fekk hjelp av meg.

Alle fortalte sjølv om teikningane og alle las litt av det som dei skreiv. Nokre las Oliver og kven det var frå, og fekk derfor oppleve at dei las. At det var Oliver som gav dei stjerner og eit ønske, var og stor stas. Å la elevane skrive meir slike typar oppgåver skal eg fortsette med! Det var kjekt både for elevar og meg som lærar.

Iren%20S%C3%A6vik%208.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Les flere praksisfortellinger med utgangspunkt i Leseplanleggeren.

Oliver på sin faste plass i klasserommet! Her kan han sjå alle elevane når dei sit på pultane sine og jobbar.

Oliver på sin faste plass i klasserommet! Her kan han sjå alle elevane når dei sit på pultane sine og jobbar.