MENY

Språkleik

Leik med språk er ei viktig lære- og samværsform.

Nokre gonger er språkleik knytt til kjende rim, regler og sangleikar - andre gonger er språket sjølve leikegjenstanden, som i jakta på ord inni ord, samtalar om språk og undring over språk. Kva er til dømes rumpemelk, eller kumatpakke, og kva tyder eigentleg ordet løvetann? Leik med språk er ei viktig lære- og samværsform, og personalet må støtte og sjølv vere deltakande i språkleiken. Språkleik er også eit viktig område for å støtte barns utvikling av språkleg medvit.

Illustrasjon - Barnetegning av flaggermus.