MENY

Utforskande samtale – ei kjelde til god læring

Universitetslektor Monica G. Mitchell oppfordrar vaksne til å legge til rette for eller skape eit miljø som stimulerer til samtale, og til ein aktiv spørje og forteljekultur.

Eg sit saman med Lars og Ida og me har funne fram boka Timothy mister seg sjølv av Vegard Markhus. «Går det an å miste seg sjølv? Eg er engasjert når eg stiller spørsmålet. Eg ser på barna og dei ser tilbake på meg med undring, og eg ser at dei tenkjer: Kva er dette for eit rart spørsmål? Me snakkar saman om å miste leiker, og å finne dei att, om å miste tenner, og å få nye, og studerer deretter framsida av boka. Dei ser at Timothy har mista ei tann, og dei seier at Timothy ser gamal ut. «Korleis ser de det?» spør eg. « Eg ser det på håret» svarar Lars. Me les boka og pratar saman undervegs. Ved første gjennomlesing er barna for det meste overraska over innhaldet og over det faktum at Timothy faktisk mister heile kroppen sin. Nå, mange gjennomlesingar seinare, kosar dei seg med boka, dei ler når dei ser korleis Timothy limer seg saman igjen, heilt feil, og me snakkar om korleis kroppen ser ut og kvifor det er greitt at armane faktisk heng der dei heng.

Utforskande samtalar er opne samtalar, utan faste svar, med store rom for å fabulere og stille nysgjerrige spørsmål. Utforskande samtalar sluttar ikkje med eit rett svar, men enda snarare i nye spørsmål som må utforskast. I slike samtalar er det lov å prøve ut teoriar, den vaksne sit ikkje med fasit, men kjem med sine eigne teoriar og fabuleringar slik barna gjer det. På den måten vert den vaksne ein modell for barna og ein likeverdig samtalepartnar. Den utforskande samtalen omkring ei bok er eit døme på ein slik samtale. Som i historia over kan den vaksne introdusere boka gjennom eit ope utforskande spørsmål, og slik kan ein få til ein samtale allereie før ein startar å lese. Undervegs i lesinga opnar det seg mest sannsynleg fleire inngangar til samtale, både med utgangpunkt i innhaldet i boka og andre assosiasjonar som dukkar opp.

Ein viktig læringsarena
Felles opplevingar er gode utgangspunkt for samtalar. Ein kan snakke om det ein opplever saman, her- og nå, men ofte går assosiasjonane utover dette perspektivet. Det er like naturleg å trekkje inn tidlegare opplevingar, fakta ein kan, eller å tenkje fram i tid. Kva trur du skjer med singelen når vinteren kjem, spør kanskje den vaksne når barna har flokka seg om den brune singelen som Lars akkurat har funne. Samtalar i barnehagen representerer ein viktig læringsarena. Liv Gjems, som forskar på samtalar i barnehagen, understrekar at undervegs i ein samtale får barn både høyre språk, bruke språk og utvikle ny innsikt og forståing om tema det vert snakka om. Ho viser til omfattande forsking som fortel kor sentralt eit stort omgrepsapparat er for seinare læring (Gjems, 2011). Gjems trekkjer spesielt fram kvardagssamtalen som ein viktig samtale- og læringsarena. Kvardagssamtalen er den spontane samtalen som ikkje har eit planlagt innhald, og som kan dreie seg om alt. Det er i desse samtalane at barna oftast møter omgjevnadane sine kunnskapar, språk, haldningar og verdiar. Slike samtalar er det kanskje mest av i barnehagen, men dei får lite merksemd, hevdar Gjems (2011:43). Å lese bøker gir næring til kvardagssamtalen. Bøkene tilbyr eit språk, eit innhald og assosiasjonar som går ut over rammene av sjølve boklesinga.

Kultur for å samtale
Spørsmål frå vaksne er dei invitasjonane som i størst grad aktiviserer barn til å bruke språk (Gjems, 2011: 47). Men også barnet sine interesser, barnet sin nysgjerrigheit og spørsmål til den vaksne er viktige utgangspunkt for kva barnet lærer om faglege og personlege tema. Ein naturleg konsekvens av dette er å legge til rette for eller skape eit miljø som stimulerer til samtale, og til ein aktiv spørje og forteljekultur. Det betyr blant anna å ta seg tid til å samtale. Den vaksne kan enkelt svare; «Å ja, så kjekt» og gå vidare, når barnet tek initiativ og fortel at han fann ein meitemark i går. Eller, den vaksen kan stoppe opp, setje seg ned og begeistra seie; «Kor fann du den?» og slik fortsetje på samtalen og føre vidare barnet sitt initiativ. Kunnskap om samtalen som ein sentral språkutviklande aktivitet, er ein føresetnad, og ei medviten haldning til eiga rolle i starten av og undervegs i samtalen ein viktig premiss, for at samtalen skal få gode vekstvilkår.


Skrevet av Monica G. Mitchell


Teksten ble først publisert i bladet Nynorskopplæring nr 20, vinteren 2013/2014 som gis ut av Nynorsksenteret.
 

Referansar:

  • Gjems, Liv. 2011. Hverdagssamtalene – barnehagens glemte læringsarena? I: Gjems, Liv og Løkken,
  • Gunvor (red.). Barns læring om språk og gjennom språk. Samtaler i barnehagen. Oslo: Cappelen Damm Akademisk
  • Markhus, Vegard. 2010. Timothy mister seg sjølv. Oslo: Aschehoug