MENY

Flyt kan vera vel så viktig som staving

Det som verkar inn på kvaliteten i ein elevtekst, er ikkje nødvendigvis om orda blir skrivne rett eller gale. Vibeke Rønneberg har undersøkt kva merksemd på enkeltord har å seia for å utvikla innhald og idear.

Namn: Vibeke Rønneberg

Aktuell: I innspurten av arbeidet med doktorgradavhandlinga.

Førebels tittel: «Why bother with writers – en analyse av skriveprosessen»

Fagleg bakgrunn: Mastergrad i literacy studies ved Universitetet i Stavanger. Har jobba som lærar ved Ullandhaug skole i ein tiårsperiode.

Samarbeid: Doktorgradsstudiet er ein del av CATO (Contextual Aspects of Text Organization), eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Stavanger/Lesesenteret og Universitetet i Bergen. Målet er å undersøkja skriveprosessen og skriveåtferda til ulike grupper, blant anna elevar med dysleksi.

- Kva handlar avhandlinga eigentleg om?

- I korte trekk skriveprosessar – kva som skjer undervegs medan ein skriv, i denne samanhengen på maskin. Med eit fokus på tidsintervallet mellom tastetrykka. I alle fall får eg informasjonen frå desse tidsintervallane. Intervalla kan gi informasjon om kognitive prosessar som verkar inn på skrivinga. Tidsintervalla blir sortert ut frå kor dei er; i byrjinga av eit ord, i byrjinga av ei setning, midt i eit ord og så vidare. Ut frå dette prøver eg å sjå på korleis desse intervalla - saman med stavedugleik og dugleik på tastatur - verkar inn på tekstproduktet.

- Kva vil du seia er det viktigaste funnet?

- Hm. At problem med staving kan vanskeleggjera utvikling av gode idear medan ein skriv. Så kanskje ein burde bry seg litt mindre om rettskriving undervegs, når ein skriv.

Forskerfredag%20Vibeke%201.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

I undersøkinga til Rønneberg skreiv til saman 50 elevar i vidaregåande og 120 elevar frå sjette trinn tekstar på maskin. Alle tastetrykk og tidspunkta for desse blei registrert elektronisk og sidan kategorisert. (Illustrasjonsfoto: Getty)

- Kan du utdjupa det?

- Altså, at det som verkar inn på kvaliteten i ein tekst ikkje nødvendigvis er om enkeltord blir rett eller gale skrive. Derimot blir han dårlegare om skrivaren stoppar mykje opp ved enkeltord. Det ser ut til at det kan vera vanskelegare å utvikla gode idear og få godt innhald i teksten dersom skrivaren har eit stort fokus på enkeltord. Og det fokuset vil visa igjen på at ein som skrivar har nokre millisekund lengre pause før og i ordet enn andre har. Ein veit gjerne ikkje om dette sjølv, og når eg seier «stort fokus» vil det seia at eg kan sjå det i data-ane at nokre elevar har ein større del ord der dei stoppar opp i forkant av ordet, før dei skriv det. Det har innverknad på kor godt skrivaren utviklar og fordjupar seg i temaet og korleis dei gjer det i høve til ein holistisk kvalitets-score. Nå vil eg ikkje med «bry seg litt mindre om rettskriving» seia at ein ikkje bør øva på staving - fordi dersom ein blir kjapp og trygg på staving, vil dét verka positivt inn på skrivinga.

- Kvifor ønska du å ta ein doktorgrad?

- På eitt vis er det litt merkeleg, for eg elska jo å vera lærar, som eg var tidlegare. Noko av grunnen til at eg slutta, var at elevane mine gjekk ut av 10. klasse. Då passa det godt, dersom eg skulle gjera noko anna enn å vera i skulen. Så fekk eg for ei tid sidan eit vikariat ved Lesesenteret, og skjønte då at den einaste måten å få fast jobb på, var å ta ein doktorgrad. I stillingsutlysinga den gong sto det dessutan noko om The Wizard of Oz, som var favorittfilmen min då eg var barn … Litt tilfeldige faktorar spelte inn. Stillinga innebar i tillegg mykje statistikk - som eg ikkje kunne noko om, men som eg synest er gøy. Elles er sjølvsagt motivasjonen å hjelpa dei som strevar med skriving.

- Kva er fengande med feltet du forskar på?

- For min eigen del har det blant anna vore interessant å læra statistikk, som eg synest er spennande. I tillegg synest eg er fengande å forstå meir av korleis, tja … korleis hovudet fungerer, om det er rett å seia det på den måten. Utan at eg nødvendigvis har fått den kunnskapen direkte frå mine data, men meir ut frå litteraturen eg har brukt.

Forskerfredag%20Vibeke%202.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Det kan vera vanskelegare å utvikla gode idear og få godt innhald i teksten dersom skrivaren har eit stort fokus på enkeltord, viser avhandlinga. (Illustrasjonsfoto: Getty)

- Korleis har du konkret gått fram i arbeidet?

- Eg har sett på to utval - 50 elevar i vidaregåande og 120 elevar frå sjette trinn – frå skular i Rogaland, som har skrive på maskin. Alle tastetrykk og tidspunkta for desse blei registrert elektronisk gjennom eit program. Sidan blir registreringane kategorisert, ut frå kva ein vil finna ut.

- Kvifor er det viktig å forska på dette feltet?

- Eitt viktig poeng er at flyt - som ikkje nødvendigvis er det same som fart - i tekstskapinga er sentralt for idéskapinga. Noko som går litt vekk frå ein tankegang om at all planlegging skjer i førekant av skrivinga og elles berre i lengre pausar. I staden ser me her ein vekselverknad – at medan ein skriv og trykkar inn tastar; og det går relativt greitt, utan å måtte stansa opp og fokusera på staving – så vil ein klara å både halda tanken og få nye idear undervegs.

- Kva uventa oppdagingar har du gjort undervegs?

- Vel, som regel har ein jo ei oppfatning på førehand uansett, ut frå teori ein har lest. Men noko eg trudde skulle ha ein annan effekt enn det faktisk hadde, var å la elevar skriva utan at dei kunne sjå kva dei skreiv.

- Kva skjedde då?

- Ikkje så mykje, faktisk - det var dét som var overraskande. Tanken eller utgangspunktet var eigentleg anekdoten om at personar med dysleksi skriv betre dersom ein berre skrur av skjermen og lar dei skriva i veg. Nå blei ikkje skjermen skrudd av i dette forsøket, men i staden for bokstavane fekk dei berre sjå x-ar. Tanken var at elevane kom til å bruka lenger tid om bokstavane viste, fordi då kom dei til stadig å sjekka om dei skreiv rett. Men det viste seg å ikkje stemma – dei brukte like lang tid i begge tilfella.

Forskerfredag%20Vibeke%203.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Funna i avhandlinga skal etter planen brukast som ein del av eit framtidig rette- og skrivestøtteprogram. (Illustrasjonsfoto: Getty)

- Kva håpar du kan koma ut av forskinga di?

- Eg håpar mest å bli ferdig, då! Elles er planen til CATO-prosjektet at data-ane herfrå kan brukast til å utarbeida eit framtidig rette- og skrivestøtteprogram. Eit program som samarbeider meir med den som skriv, ikkje har den som skal lesa i ettertid som hovudfokus. Og som konsentrerer seg meir om flyt enn at alt skal vera korrekt.

- Kva utfordringar har du møtt i arbeidet?

- At ting tar sjukt lang tid. Mykje lenger enn ein trur.

- Kva planar eller ønske har du for framtida?

- Å bli ferdig!

- Og etter det?

- Å kunna driva med forsking. Det er jo dét som er mest gøy. Av fagfelt synest eg særleg prøveutvikling er spennande. Det kunne vore spennande å jobba vidare med det.

 

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret
Video/redigering: Trond Egil Toft, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Møt fleire stipendiatar ved Lesesenteret!

UiS logo
Vibeke Rønneberg

Vibeke Rønneberg (Foto: Elisabeth Tønnesen)